Anten du vil labbe i djupsnø eller henge med nære og kjære - så får du det til i Vang denne jula.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nær og aktiv jul

Nær og aktiv jul

14. desember 2020

Både ordførar og kommuneoverlege ynskjer alle velkomne til hytte og hus i Vang denne jula der
uteaktivitet og kvalitetstid med dei nærmaste er det som gjeld.

– Vi laut avlyse fjerdedagsfesten for alle i Vang mellom 19 og 29 for fyrste gong og det ligg med andre ord an til ei annleis jul, særleg for dei unge som elles er dyktige på å vera sosiale i høgtida. Etter eit halvår der mange allereie har gått glipp av mykje, tenkjer eg litt ekstra på dei unge no inn mot jul, fortel ordførar i Vang, Vidar Eltun. 

Han er elles godt nøgd med at Vang i midten av desember framleis er smittefri kommune, og han reknar med mange unge vangsgjeldingar og hyttefolk får ein fin juleferie i Vang. 

- Dei lokale serveringsplassane og butikkane er opne, skiheisen er forhåpentlegvis i gang, skiløypene køyrt og alt av uteaktivitet tilgjengeleg. Sist, men ikkje minst; slapp av, kos dykk med julefilmar og samvær i familien.

– Mest å gjera i Vang

Ein av dei som har planar om julefeiring i Vang er Jonathan Øraker. Han avslutta treårig utdanning innan marknadsføring og salsleiing ved Høyskolen i Kristiania i vår og gjekk rett over i fast jobb som firmaseljar hjå Møller bil Ryen. Som mange andre by-vangsgjeldingar i tjueåra er han heimover for å treffe familie, venner og drive med uteliv i helgar og ferier. 

- Akkurat no er det mykje meir av det ein kan gjera i Vang som er stas enn det ein kan gjera her i Oslo, fortel han.

Sjølve julefeiringa er han budd på at blir utan at heile storfamilien er samla, men han håpar å treft både venner og familie i mindre grupper. 

– Og så håpar er verkeleg at det vert snø til jul sånn at ein kan koma seg ut på ski og anna aktivitet. Det er ein god måte å treffe vener trygt på, seier han.

– Heimbygda viktig

Det har vore ein hard haust for særleg mange studentar med mykje heimeundervisning og særs lite sosialt liv. Nokre har valt å mellombels flytte heimatt, då det vert sett på som eit betre alternativ vera nær familien enn åleine på ein hybel mens ein fylgjer undervisninga.

– No er det ekstra viktig at heimbygda tek vel imot ungdommane sine til jul! Likevel vil eg tru at mange er bekymra for å smitte familien sin og kanskje særleg besteforeldre og andre i risikogruppa, fortel kommuneoverlege i Vang, Marit Tuv. 

Ho fortel det kan vera lurt å halde seg litt ekstra for seg sjølv ei vekes tid før heimreise, og at ein gjerne kan vente tre dagar etter heimkomst med å treffe folk i risikogruppa.

– Vi har ikkje laga køyrereglar for testing av studentar og andre som kjem til Vang i jula. Det er berre å ta kontakt med legekontoret om ein har symptom eller kjenner seg usikker og ynskjer ein test, men det aller viktigaste er dette med å halde avstand.