ida.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Næringsstipend

Vang kommune opprettar næringsstipend

06. januar 2015

Vang kommune opprettar eit næringsstipend som gjev nystarta bedrifter i Vang høve til støtte på 10 000 kroner.

– Vi har fått nokre søknader dei siste par åra som vi ikkje har hatt moglegheit til å støtte. No tek vi grep og opprettar denne ordninga. Det er ikkje snakk om store summar, men det er viktig for oss å syne at vi støtter opp om nye initiativ i kommunen, seier ordførar Vidar Eltun.

Han legg til at kommunen ikkje stopper næringsengasjementet sitt ved denne stipendordninga, men at større saker må opp til politisk handsaming.

– I tillegg oppmodar eg alle som er i ei start– eller utviklingsfase å ta kontakt med næringsutviklar Bjørn Henrik i Innovangsjon. Han er på jobb i full stilling for næringslivet i Vang og er bindeledd opp mot andre mogleg støttespelarar. 

Retningslinjer og søknadsskjema

Det er nokre retningslinjer knytt til stipendet. Når ein søknad kjem inn vert det gjort ei vurdering av Innovangsjon eller Valdres Næringshage om det er mogleg å søkje tilskot andre stader. Det betyr at ein er sikra midlar, men om ein finn potensielt meir støtte andre stader fell stipendet bort.

Elles gjeld dette: 

  • Søkjar lyt vera folkeregistrert i Vang kommune.
  • Det lyt leggjast ved dokumentasjon på at føretaket er starta opp.
  • Stipendet er tilgjengelig til og med det året ein fyller 35 år.
  • Det vert kun utbetalt stipend til fyrstegongsoppstart av næringsverksemd.
  • Formannskapet behandlar søknader om tilskot. Rådmannen har fullmakt til å vurdere om vilkår for utbetaling av tilskot ligg føre.

Her finn du søknadsskjema for næringsstipendet

Saksframlegg og vedtak, ligg her