Samuel Y. Gebreslase bur i Ryfoss og jobba hjå Inger Ågesdotter Hovengen gjennom foretaket Vangsriva i sumar. Foto: Anne Marte Før
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv No kan eg bidra!

No kan eg bidra!

18. juli 2016

På eit småbruk, omlag midt på grensa mellom Vestre Slidre og Vang, bur Inger Ågesdotter Hovengen. Ho er ein av mange som benyttar seg av tenestane til Vangsriva i sommar. Prosjektet som gjev busette flykningar arbeidserfaring hjå bedrifter og private.

Ein formiddag tek eg meg ein sving oppom Kjeldeskogen, som det heiter der ho held til.

Småprat

Sola steiker på himmelen, grusvegen smalnar inn, det dukkar opp eit idyllisk gardstun i skogkanten. Inger småpratar med Samuel Y. Gebreslase når eg kjem inn på tunet, han har trillebåra fylt opp av ting og tang, det er ikkje godt å sjå kva alt kan vere.

Inger skal ha loppemarknad og no gjer dei i stand til storinnrykk. Dei to frakter kassevis av loppisar ut frå låven.

Åleine i Noreg

Samuel er berre 24 år, kjem frå Eritrea og har vore i Norge i eit knapt år, utan noko familie. No er han er busett i Ryfoss og godt i gang med å lære seg norsk. Frå heimlandet har han erfaring frå byggeprosjekt og industri. Det er lett å sjå at han er vand med å ta i eit tak.

Senker terskelen for integrering

Etter ei økt arbeid er det tid for ein pust i bakken og Inger serverar heimelaga rabarbrasaft og te under parasollen.

- Det var på facebook eg vart oppmerksam på Vangsriva, fortel Inger. No kan eg bidra, var hennar fyrste tanke.

- Menneska blir fort gløymt i det negative fokuset på flykningar som sak, difor er det ekstra viktig med slike positive tiltak. Det senker terskelen for å bidra til integrering, meiner ho.

Viktige effektar

Samuel pratar godt engelsk, noko som forenklar kommunikasjonen mellom han og Inger, men dei to held stort sett samtala på norsk der dei sit i den svale skuggen. Begge er samde i at språk er ein viktig effekt av Vangsriva. Dei er i grunn samde om mykje anna oǵ, Samuel er takksam for å få jobbe, Inger er glad for hjelpa ho får.

Det å lære seg normer i arbeidslivet, det å kjenne at ein er til nytte for nokon og den sosial kontakten er positive virkingar av prosjektet. Dessutan er det interessant å prate med folk, det er spanande å høyre historia til kvarandre.

Næringslivet på banen?

– Det er kanskje litt kjedelege arbeidsoppgåver eg har å tilby, men arbeid er arbeid uansett, seier Inger.

- Det å vere i yrkeslivet som ufaglært er variert, men det er viktig å erfare kva som blir forventa av ein arbeidstakar her, meiner ho, til dømes det å møte opp til avtalte tider. Inger håpar næringslivet i dei to kommunane, Vang og Vestre Slidre, også kjem på banen og nyttar Vangsriva.

- Erfaringar frå arbeid i bedrifter vil nok vere enno meir nyttige enn å jobbe hjå privatpersonar som meg. Ein lyt bygge opp folk. Eg håpar prosjektet kan bli ein god start for fleire av dei busette flykningane. Dette freistar til gjentaking, avsluttar Inger, før ho og Samuel tek den siste slurken av rabarbrasafta og tek til at med arbeidet. 

Tekst og foto: Anne Marte Før