Sven Richard Møller vil gjera friluftslivet tilgjengeleg for fleire med utgangspunkt i Tyin-Filefjell-området gjennom Opplev Filefjell.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny aktivitetstilbyder på Tyin-Filefjell

Ny aktivitetstilbyder på Tyin-Filefjell

28. mai 2020

Gjennom Opplev Filefjell skal Sven Richard Møller trekke fleire folk til det han sjølv meiner er eit alt for lite kjent område for for friluftsliv.

- Tyin-Filefjell-området er noko for alle uavhengig av om du tar ditt første skritt ut i naturen eller ønsker meir utfordrande turar og aktivitetar. Innanfor kort avstand har du nesten et Norge i miniatyr, vere seg fordane i vest, alpine Jotunheimen eller meir viddepreg, sier Møller I Opplev Filefjell.

Sjølv oppdaga friluftsmannen området for nokre år sidan då han byrja som dagleg leiar på Intersport Filefjell. Etter eit par år der har han no valt frilans- og friluftslivet med fotooppdrag, innhaldsproduksjon og guiding.

Fleire bør oppdage Tyin-Filefjell

Sjølv er Møller så glad i området at han nær sagt er trist for at ikkje endå fleire har oppdaga kvalitetane det har å by på. At det er rom for fleire aktivitetstilbydarar er han i alle fall heilt sikker på.

– Med tanke på naturen som gir alle dei moglegheitene den gjør her, samt ei plassering som gjør det lett tilgjengelig for veldig mange kan eg ikkje skjønne anna enn at det må vere moglegheiter for å trekke fleire til området, seier han.

Følg facebooksida Opplev Filefjell for både tips, triks, flotte foto og konkurranser. Flotte foto er det og på Instagram-sida.

Satsar på lågterskel

Denne sommaren er det lågterskelturar og kurs som står i fokus. Samstundes har han planar for vinteren og fleire tilbod på sikt.

- Eg trur det enkle kan vera det mest gjevande for mange. Eg ynskjer å nå dei som er i startgropa og vurderer å starte eit meir aktivt friluftsliv, men som tykkjer det er vanskelig å gje seg ut i det, fortel Møller.

Han er klar på at det er mykje nyttig på nett, men kanskje såpass mykje at ein går seg vill før ein har passert dørstokken.

– I sommer håpar eg på å kunne vera med å bidra til at nokon vel å ta det første skrittet!

Sven Richard og Opplev Filefjell når du via nettside, facebookside, post@opplevfilefjell.no eller tlf. 419 34 224.