Elisabeth Harrang er ny etatssjef for teknisk, plan, miljø og landbruk og har fyrste arbeidsdag i Vang i starten av februar.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny etatssjef på plass

Ny etatssjef på plass

16. desember 2019

Elisabeth Harrang  kjem frå stillinga som sjef for vatn og avløp i Østre Toten til etatssjef-stillinga i Vang kommune.

Harrang (53) har lang erfaring frå offentlig forvaltning med ingeniørutdanning i botn og vidareutdanning innan beredskap, kriseleiing og offentleg rett.

- Eg gleder meg til å ta fatt på oppgåvene som ventar, og til å bli kjent med organisasjonen og menneska. Målet er at me i lag skal forvalta og handheva regelverket me rår over på ein formålstenleg måte, og ikkje minst levera gode tenester, fortel Harrang.

Brenn for fagområdet

Med ti søkjarar og etter ein grundig prosess vart Harrang tilsett som etatsleiar no i desember.

– Eg søkte jobben fordi eg tykkjer fagområdet er interessant. Eg er glad og audmjuk i forhold til at Vang kommune valde meg og det vert ei glede å løyse oppgåvene kommunen har framfor seg i lag med nye kollegaer, fortel Harrang.

Ho ser også lyst på å utvide kompetansefeltet framover.

– Det er vatn og avlaup eg kan mest om, så det vert spanande å lære korleis desse tenestene fungerer her. Samstundes ser eg fram til å auke kunnskapsnivået på dei andre fagfelta vi jobbar med på avdelinga.

– Rett kompetanse

Den som hiv seg på Google og sjekkar opp den nye etatsleiaren vil finne fleire krevjande saker Harrang var involvert i gjennom åra i Østre Toten. 

– Det er mange faktorar som ligg bak desse sakane og vi har sjølvsagt vore gjennom dette i intervjurunden. Vi er særs godt nøgd med kombinasjonen av røynsle, utdanning og personlege eigenskapar vi får inn i staben når Harrang byrjar i februar, fortel rådmann Erlend Haaverstad i Vang kommune.

Harrang er på plass i den nye jobben frå tredje februar. Fram til då er Arne Belsheim konstituert som leiar av avdelinga.  

– Erfaringane eg har gjort meg i Østre Toten kommune vil forhåpentlegvis komma Vang kommune til gode. Eg var ny som leiar då eg starta i Østre Toten. Læringsskurva har vore bratt. Det er viktig å ta med seg kva som kunne vore gjort annleis, og lære av det, fortel Harrang.

Flytter til Vang

Harrang flytter med jobben til Vang og leiter i desse dagar etter bustad i området. Ho ser fram til både nye utfordringar på jobb og ein aktiv kvardag ellers.  



– Som byjente blir det ein overgang å bu i ein liten kommune, og eg ser fram til å vere i eit miljø der natur og fritidsaktivitetar utandørs er ein del av tilvera.