Nyheit

Innovangsjon søkjer ny næringsutviklar

  Nyheitsarkiv
11. jun 2015
Tilsetjing i sumar

Næringsutvikling er hovudnøkkelen for å auke folketalet i kommunen og Innovangsjon søkjer no etter ein framoverlent person til 100% stilling som næringsutviklar.

– Stikkord vi ser etter hjå næringsutviklaren er initiativrik, driftig, ryddig, effektiv, inkluderande og motiverande, fortel Innovangsjonsmininster Hallgrim Rogn.

Den nye næringsutviklaren står saman med ministeren for den daglege drifta av samvirkeføretaket Innovangsjon.

Formar framtida

Utvikling av eksisterande næringsliv og starthjelp til ny næring i Vang er viktigaste arbeidsområde for næringsutviklaren.

– Det er mange ballar i lufta på same tid. Den som vert tilsett har samstundes store moglegheiter til å forme arbeidet sjølv og på den måten også vera med på å forme framtidas Vang, meiner Rogn.

Søknadsfrist er 25. juni og tilsetjing skjer så fort som mogleg etter dette.

Bjørn Henrik Stavdal Johansen har vore næringsutviklar i Innovangsjon det siste året. Han er no «headhunta» til Bjørneparken og rovdyrsenteret på Flå. 


– Vi ynskjer å takke Bjørn for innsatsen han har lagt ned for næringslivet i Vang og Innovangsjon det siste året, avsluttar Rogn.