Utsikt til Vangsmjøsa frå Sølegøta. Egil Haugen trakterte motorsaga for å få til denne parsellen. Foto: Oddbjørn Skeie
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny start på Uksestigen

Ny start på Uksestigen

21. juli 2020

Den legendariske Uksestingen til Bergsfjellet har fått ny start via Hagfellknuppen.

I samarbeid med grunneigarane ved Stele og Berge har det vorte rydda ein ny stig oppover mot Uksestigen og Bergsfjellet.

- Tidlegare har turen gått ovanfor Stele og forbi Vårheim, men i samarbeid med grunneigarene så har me no lagt stigen igjennom den gamle Sølegøta, fortel rådgjevar ved kulturkontoret i Vang kommune, Oddbjørn Skeie.

Dette er ein orginal del av den gamle Uksestigen frå Berge. Det er no rydda igjennom Sølegøta opp til Hagfelludn, der det berre er ein kort tur bort til utsiktspunktet Hagfellknuppen.

– Denne vart tidlegare skilta som Utsikten, men vi har no teke i bruk det namnet som grenda sjølve meiner er rett på denne fine plassen, fortel Skeie.

Frå gamalt av så vart det mellom anna feira Jonsok her for dei som budde i nærområdet.Den gamle turstigen forbi Vårheim er ikkje stengd, og ingen vil bli nekta å gå denne gamle stigen/vegen bort til Uksestigen. Spesielt lokale som er godt kjent med denne, kan gå her.

– Det er grunneigarene og Vang kommune sitt ønske at me no går gjennom den nye stigen gjennom Sølegøta ved Leite. Det er ønskeleg at kvar enkelt finn parkering  i Vang sentrum, eller ein kan eventuelt  gjerne sykle opp til Leite.

Gåturen frå gangvegen ved E16 til Sølegøta/Leite tek om lag 25 minutt, og der står det skilt til Uksestigen. Det er  vidare merka med kvite markeringsstokkar langs turen.

Vang kommune ønsker å takke grunneigarene i området for samarbeidet rundt denne løysinga, og rettar ein spesiell takk til Tor Erik Berge og hans familie som eig parsellen gjennom Sølegøta.