IMG 0204
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nybygging av vasskraft i Vang

Nybygging av vasskraft i Vang

13. juli 2020

Ved årsskiftet 2021/2022 skal Ala kraftverk vera i drift.

Tilbake i 2016 var konsesjonen frå NVE på plass, men det har vore nokre år utan framgang med prosjektet etter dette. No har altså leiinga hjå utbyggar Skagerak Energi bestemt seg for å bygge ut.



- Allereie denne sommaren vil arbeidet med skogrydding gå i gang og i august går vi i dialog med naboar og grunneigarar, fortel fagansvarleg hjå Skagerak Kraft, Bjarte Guddal.



Med produksjon på omlag 17,4 GWh i året er det litt mindre enn Eidsfoss kraftverk og langt mindre enn Ylja krafverk, båe i Øye.

– Viktig for Vang

Det er lenge sidan førre kraftutbygging i Vang no, og el-produksjon ved Ala har mykje positivt ved seg fortel ordførar i Vang, Vidar Eltun. 


– Vatnet går i tunnel og både inntak og kraftverk er smart plassert i terrenget, så dette er eit godt prosjekt i seg sjølv og ei viktig brikke i den vidare utviklinga av Vang. 

Det vert ikkje vindkraftutbygging innanfor kommunegrensene i Vang etter eit tidleg og tydeleg nei frå politisk hald for nokre år sidan. Nybygging og utbetring av vasskraft ligg nærare det Vang står for. 

– Vasskraft betyr aktivitet i bygda vår. Ved Ala er det store investeringar som blir gjort og mange lokale og regionale aktørar vil dra nytte av dette på kort og lang sikt, fortel Eltun. 

Han nytter også høvet til å ynskje Skagerak Kraft AS lykke til med prosjektet.