35_1513216951.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye bustader

Nye bustader i Ryfoss og på Bøflata

12. januar 2015

Prisgunstige og moderne tomannsbustader er sals–klare både i Ryfoss og på Bøaflata i Vang. 

– Så fort vi har selt ein leilegheit startar vi å byggje den fyrste bustaden, fortel Odd Magne Grythe, dagleg leiar hjå den lokale entreprenøren Tveitabru bygg.

Dei har allereie lang erfaring med å setja opp denne typen bustader, og han reknar om lag seks månader frå salet er gjort til bustaden er innflyttingsklar.


Praktisk og moderne


Både Ryfoss og Bøaflata er tett innpå sine respektive sentrum. Det betyr servicetilbod rett i nærleiken og at vegen til naboane er høveleg kort. I tillegg er ein av bonusane med splitter ny bustad at alle tankar om vedlikehald og oppussing kan vente nokre år.


– Du får eit moderne hus etter dagens krav med sentral plassering i Vang. Samstundes tilbyr vi ein fastpris som gjev tryggleik til den som kjøper, fortel Grythe.


96 kvadratmeter. Garasje. Flislagt bad og moderne detaljar. Til den nette sum av 1 590 000,–. 


– I dette reknestykket er det rom for nokre endringar for den som ynskjer det. Eit soverom mindre, men større stue, er eit alternativ. Også den som ynskjer tillegg som annan kjøkkenløysing og liknande, er vi fleksible på, seier Grythe.

Låg månadspris

Så, kva kostar det så i månaden for ein topp moderne bustad i Vang? Vi utfordra Arnfinn Helge Kvam i Vang sparebank til å rekne på det. Dei har nett sett ned renta på sine «førstehjemslån» til konkurransedyktige 2,8%, og han reknar her ut får standarden om 15 % eigenkapital.

Kjøpesum: 1.590.000,-
Lånesum: 1.351.500,-
Etablering: 1.500,-
Terminbeløp: 6.304,-
Effektiv rente: 2,898 %
Løpetid: 25 år
Lånetype: Annuitet

Om det er to personar til å betale ned på lånet betyr det ein månadsutgift på 3153,–. Og det for å bu i ein topp moderne bustad i eit av dei to sentrumsområda i kommunen. 

Det kjem dokumentavgift, tinglysingsgebyr og grunnbokutskrift oppå kjøpesummen. Dette er ikkje teke med her. Dette har berre nokre kroner i månaden å seie for det samla reknestykket.