Rune og Dorotea på tur til Runde fyr på Sunnmøre der dei båe er frå. No er dei klare for utfordrande arbeid og aktiv fritid i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Dortea og Rune frå Sunnmøre

Nye i Vang: Dortea og Rune frå Sunnmøre

08. juli 2020

Då Dortea  fekk tilbod om draumejobben i Vang var valet enkelt får både ho og sambuaren Rune. 


– All ære til bylivet, vi er glad i det. Men å forlate Oslo til fordel for Vang no kjenst heilt rett, fortel Dortea Myklebust (26) frå Ørsta på Sunnmøre.

Ho er utdanna sosionom frå NTNU i Trondheim og har ein master i sosialt arbeid frå OsloMet. No er ho ny flyktningkonsulent i Vang og har leigd eit privathus i byggjefeltet på Åsvang.
 
- Eg har tidlegare jobba med einslege mindreårige flyktningar i Trondheim og er sterkt engasjert i dette feltet. Jobben i Vang er ein draumejobb for min del, fortel Dortea.

Sambuaren Rune Fremmerlid (28) frå Volda har ordna seg jobb i sportsbutikk på Fagernes og han ser særleg fram til ein ting etter flyttinga i månadskiftet juli/august.

– Eg er over snittet interessert i fisking og eg har allereie blinka meg ut både elver og vatn eg vil teste i løpet av sommar og haust, fortel Fremmerlid. Også jakt, ski, flugebinding, surfing og friluftsliv dukker opp når det vert snakk om interessar. 

Det sosiale paret har vore saman i seks år, og etter nokre turar hit i vår og sommar er dei trygge på valet om å gjera vangsgjeldingar av seg. 

- Vang verkar som ein triveleg plass med myldrande liv til tross for at det er ei lita kommune målt i folketal. Vi har også inntrykk av at folk er inkluderande, sosiale og hjelpsame, og viser interesse for å bli kjende med oss som kjem flyttande til bygda. Det er veldig kjekt for oss!

Velkommen!