Arne og Grete Sætrang brenn for jakt, fiske og frilutfsliv. No har dei funne draumebruket sitt i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Grete og Arne fann draume-bruket

Nye i Vang: Grete og Arne fann draume-bruket

03. august 2020

Etter 30 år med faste helgeturar til Vang er Arne og Grete i ferd med å flytte til småbruket Elvethun i Vang sentrum.

– Vang er ein allsidig og stor kommune med vekst på mange område og vi trur at livskvaliteten her for oss blir stor, fortel Arne og Græte Sætrang.

Dei ferske småbrukarane karakteriserer seg sjølv som to godt vaksen friluftsfolk som bruker mykje tid på dei to jakthundane sine. Grete er bygningsingeniør for Undervisningsbygg og Arne er geofysikar og jobbar offshore for selskapet Magseis med oljeleiting. Dei har også to døtrer og vart besteforeldre for få år sidan. 

– Draumen om å bu på landet har alltid fylgt oss. Grete var mykje på gard hjå besteforeldra sine i Nord Noreg og Arne var kvar ferie på støl i Uvdal eller på Ringerike. Vi har stort sett vore på hytte kvar helg heile livet, og dei siste tretti åra som hytteeigarar på Slettefjellet i Vang.

Då borna etter kvart flytta ut og arbeidskvardagen opna for å bu kvar ein vil dukka småbruket Elvethun i Vang opp på marknaden og sommaren 2019 vart det kjøp. No i mars flytta dei.

– Her skal vi leve i pakt med naturen og kanskje kan vi få til litt dyrehald og produsere litt eigen mat, grønsaker og frukt.

Det var nok heller ikkje heilt tilfeldig at det var i Vang småbruket dei drømte om dukka opp, då alle åra på hytte i området har ført til positive kjensler for Vang og Valdres. 

– Her er vi midt i den norske fjellheimen med kort vei til flotte naturopplevingar heile året. Borte frå by med stress og mas men framleis ikkje så langt til kjøpesentre med alt av varer.


Velkommen!