Artur Budvytis (44) og  Jovita Būdvytienė (44) flytta frå Skjåk til Vang i vinter og er trivst godt med kvardagen i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Jovita og Artur

Nye i Vang: Jovita og Artur

14. juli 2020

Dei flytta då Artur Budvytis (44) fekk jobb som organist i vinter. No har Jovita Būdvytienė (44) landa jobb både som kontormedarbeidar i Vang kyrkjelege fellesråd og som dagleg leiar ved Kontorfellesskapet 1724.



– Eg kom åleine ein sein kveld i februar til bustaden på Åsvang og då hadde naboane Solveig og Jon både måka innkjøringa og sett fram varm suppe til meg, fortel Artur. 

Seinare har naboane vorte gode venner og bidratt med smått og stort av praktiske problem som dukkar opp i ein flytteprosess.

– Eineståande naboar og ein god jobb med topp miljø har gjort oppstarten her til ei positiv oppleving til tross for ein kvardag sterkt prega av korona, fortel Artur.

Nye rammer i livet

Paret er opphavleg frå Estland der dei båe jobba i privat næringsliv. Eit ynskje om andre rammer for livet førte dei til Noreg og Skjåk for eit par år sidan, der dei fekk særs god mottaking. 

– Vi trudde aldri vi skulle forlate Skjåk, men jobbtilbodet til Artur var godt og Vang har mange av dei same kvalitetane som Skjåk, så vi bestemte oss for å ta steget, fortel Jovita. 

Variert kvardag

Sonen vart att i Gudbrandsdalen for å fullføre vidaregående i Lom, og sjølv om korona har prega det meste av kvardagen etter dei flytta til Vang er dei godt nøgd med valet. 

- Ved sidan av kontorjobbane har eg og noko undervisning i kulturskulen og Artur dirigerar Vangskoret. Til saman har vi særs interessante jobbar og ein god fordeling mellom arbeid og fritid, fortel Jovita.  

Paret har også eit aksjeselskap der det kan bli drift på sikt om dei finn den rette inngangen til det.

– Hovudmålet er ikkje å tene mest mogleg pengar, men å finne noko som kan bidra positivt til samfunnet både lokalt og nasjonalt. Akkurat kva det kan vera veit vi ikkje enno, men vi har det ikkje travelt. 

Denne sommaren skal dei bruke mellom anna til å verte godt kjent med fjellturane i Vang, og kanskje ta ein køyretur vestover.

Velkommen!