Nina Melås frå Kongsberg og Ola Martin Grøv frå Årdal fann draumehuset i Vang og både flytta og ordna seg arbeid hausten 2020.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang: Nina (23) og Ola Martin (25) har kjøpt draumehuset i Vang

Nye i Vang: Nina (24) og Ola Martin (25) har kjøpt draumehuset i Vang

26. januar 2021

Då draumehuset dukka opp framskunda Nina Melås frå Hvittingfoss og Ola Martin Grøv frå Årdal planane om å flytte til Vang. No har dei både hus, arbeid og katt, men fortel at det ikkje er supersosialt å flytte på seg under koronapandemien.

– Eg møter ein del folk gjennom jobben og Ola Martin har både litt familie og bekjente her, så det blir litt sosialt, men vi er klare for å bli betre kjent med bygda etter kvart som pandemien legg seg, fortel Nina Melås.

Hausten 2020 flytta dei i lag med katten Terje inn i eit relativt nyoppsett hus i Helinvegen i Vang sentrum der dei har fått akkurat det dei ynskte seg.

– Planen var vel eigentleg å vente eit år eller to med å flytte, men då dette huset dukka opp vart valet lett. Både plasseringa, utsynet og standaren på huset er heilt topp. Her vil vi bu lenge.

Satsar sjølv

Arbeid kom fort på agendaen då det vart plan på å flytte til Vang. Nina var ferdigutdanna vernepleiar frå OsloMet for snart to år sidan, og ho merka fort at dette var ettertrakta kompetanse i Valdres.

– Eg sendte eit par opne søknadar og fekk tre konkrete tilbod om arbeid. Det beste kom frå Vang kommune og eg jobbar no 100 % som vernepleiar i kommunen, fortel Melås.

Ola Martin har på si side brei erfaring både som snikkar, jobb i skiheis, brøyteoppdrag og som anleggsmaskin-førar. I tillegg har han brukt mykje tid på å hjelpe far Torstein med montering av industriportar. No nyttar han erfaringa inn i eige og nystarta foretak.

– Eg tok kontakt med Windsor som leverer industriportar og vi gjorde raskt ei avtale. No står eg for sal, montering og oppfølging av kundar i Valdres, Land, Lillehammer og Gudbrandsdalen, så det er nok å gjera og mykje reising, fortel Grøv.

Han leier inn ekstra arbeidskraft når det trengst, og står elles for alt frå papirarbeid til montering sjølv.

– Målet er å skape ein arbeidsplass og eit levebrød til meg og ein eller to tilsette. For å nå dit lyt servicen vera på topp så relasjonen til kundane vert god heile vegen.

Eit naturleg val

Nina er frå Hvittingfoss utanfor Kongsberg, mens Ola Martin gjekk i barnehagen i Øye fram til han flytta til Årdal i femårsalderen. At det vart Vang, var på mange måtar naturleg. 



– Vi budde saman på Lillestrøm då eg studerte til vernepleiar og vi var ganske einige om at det er bygdelivet vi vil ha. Ola Martin har jo tilknyting hit og reisevegen til min familie vert mykje kortare på denne sida av fjellet. I tillegg gjorde kombinasjonen av natur, rette huset og jobbmoglegheitane det naturleg å velje Vang, fortel Melås.

På fritida har dei til no fått god tid til å bli kjent med både huset dei har kjøpt og naturen i Vang.

– Vi er båe glade i enkle opplevingar ute, anten det er i skogen eller ei fjelltur. Vi fekk testa nokre turar før snøen kom, og vi går på ski både i Grindafjellområdet og på Filefjell. Vi held det sosiale oppe gjennom å prat med vener og familie på telefon eller facetime. Eg er elles i gang med å strikke min fyrste genser og så må jo seie det er godt å slappe av med fyr i peisen i eige hus, avsluttar Melås.