Jørgen Andrisson Kvam og Thea Sandsengen er i gang med ammekyr og har mange planer for livet på garden Kvam i åra som kjem.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye i Vang/Student frå Vang: Thea Sandsengen og Jørgen Andrisson Kvam

Nye i Vang/Student frå Vang: Thea Sandsengen og Jørgen Andrisson Kvam

19. mars 2021
Thea og Jørgen (22) er i gang med arbeidslivet og fullfører samstundes utdanninga frå stovebordet i Kvam denne våren.

– Planen var å flytte til jul, men i praksis har vi stort sett vore her sidan i fjor vår og kombinerer arbeid og studiar så godt det let seg gjera, fortel Thea Sandsengen.

Ho skriv masteroppgåve på grunnskulelærarutdanninga i vår, samstundes som ho jobbar på Vang barne- og ungdomsskule. Etter sommaren startar ho i fast jobb på Vestre Slidre barne- og ungdomsskule.

Jørgen avsluttar på si side ein bachelor i agronomi på Blæstad, kombinert med fjøsstell heime, fleire avløysaroppdrag, skogrydding i haust og tømring for Øverbygg på Filefjell i vinter.

Tek over gard

Thea er frå Rogne og Jørgen er odelsgut på garden Kvam der dei no bur. Dei har halde saman sidan vidaregåande og har landa stødig og langsiktig i Kvam no. Enn så lenge har dei flytta inn i eit av kårhusa på garden, og generasjonsskiftet har brått kome nærmare.

– No starta fattern (Andris) i full stilling som tankbilsjåfør for Tine før i vinter, noko som i alle fall har framskunda prosessen såpass at vi har byrja å prate om overtaking, fortel Jørgen.

I fjor haust investerte paret i ei ammekyrbesetning som dei leiger fjøsplass til hjå Ivar Hemsing. Samstundes er tankeprosessen i gang både kring eige hus og framtidig drift og driftsbygning på garden.

– Vi satsar saman på garden, så eg prøver så godt eg kan å hjelpe til. Vi har såpass mange år med såpass mykje arbeid framfor oss og då er det nok lurt å dra lasset i lag, fortel Thea.