9B462FAF 4B6D 4112 B839 6C4855BA8468
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye tider i BUA

Nye tider i BUA

18. januar 2022
Har du besøkt BUA i Vang endå? Det bør du! No har dei nye rutiner for drifta og ynskjer at du skal få låne akkurat det utstyret du har lyst på.

Frå januar 2022 er det nye rutiner for drifta av BUA Vang.

Du må no ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46816473 for å avtale utlån, så møter Mona eller Marte deg i BUA til avtalt tidspunkt. Vi kan også vere behjelpelege med å frakte utstyret til andre hentepunkt om du ikkje har høve til å kome til BUA.

I tillegg har vi ope for drop-in kvar tysdag kl 15-16. Utstyr frå BUA kan du som hovudregel låne i ei veke av gongen. Vi har både ski, pulk, akeutstyr, turskøyter, truger, sekkar, takke, primus, bålpanne, spel og mykje meir til friluftsliv, sport, leik og moro!

Aktivitetsdagar
Enkelte tysdagar vil vi også ha utvida opningstid med aktivitet og kanskje litt servering. Då kan vi teste og leike med BUA-leikane, fyre bålpanna, eller steike lappar på takka. Kanskje du har forslag til aktivitetar, eller vil hjelpe til?

Kven kan låne?
Alle som bur i Norge kan låne i BUA! Det må vere ein ansvarleg låntakar over 18 år, men som forelder kan du gjere ungane dine til medlånarar om dei skal kunne låne på eigenhand. Dette registrerer du når du opprettar ein brukar, eller vi hjelper deg.

Ikkje ver redd for å spørje – på frivilligsentralen får du hjelp! Vi vil veldig gjerne låne ut utstyret vårt, så vi blir veldig glade om du tar kontakt! Utstyret er kjøpt for å bli brukt – vi vil gjerne at så mange som mogeleg skal få nytte seg av dette flotte tilbodet.

Her kan du opprette brukar, og sjå alt det flotte utstyret vårt: https://www.bua.io/utlansordninger/bua-vang

Skøyter i Ryfoss
BUA finn du mellom Drengestøga og Vangsheimen i Vang sentrum. Men denne vinteren finn du også ein liten satellitt på Joker i Ryfoss – der har vi nemleg fått lov til å låne ut skøyter på vegne av VBU!

Dette er eit tillitsbasert utlån kor du sjølv skriv opp i ei bok kven du er og kva du har lånt. Vi er veldig glade for å kunne låne ut desse skøytene, spesielt no når Høre/Ryfoss IL har laga is i ballbingen i Ryfoss, og Fjellblom IL har kjøpt hockeykøller og mål til bruk på Laglim.

Desse skøytene ønskjer vi at blir levert inn same dag/dagen etter lånet, slik at flest mogeleg kan bruke dei når det er skøyteforhold. Dette blir ei prøveordning, og vi håper lånarane viser seg tilliten verdig og følgjer dei rutinene som blir skissert, slik at den ordninga fungerer og kan halde fram.

All bruk er på eige ansvar – så ver forsiktig, både med utstyret og deg sjølv!