Hødntind - nydeleg tur, flott utsyn, og turkasse på toppen. Foto: facebook.com/vangturlag
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nye turmål ute

Nye turmål ute

14. juli 2020

Ei ny runde med turtrimmen i regi av Vang turlag er i gang denne sommaren. 

– Vi har plukka ut 20 flotte turmål i alle kategoriar over heile kommune, fortel styreleiar i Vang turlag, Ingebjørg Vik Laugland. 

Saman med eit engasjert styre har ho dei siste vekene sett ut postkasser med bok og klyppetang, og samstundes sendt ut informasjon til alle medlemmar.

– Alle som leverer inn kortet i løpet av perioden får premie i kategoriane ivrig, grepa ivrig og grasalt ivrig ut frå kor mange turmål dei har samla, fortel Laugaland.

15. oktober 2022 er frist for innlevering. Fullstendig oversikt finn du på nettsida til turlaget. Følg dei gjerne også på Facebook.

For den som skal på tur kan vi anbefale både turkart Vang i Valdres (statens kartverk) og turhandboka for Vang i Valdres som er å få kjøpt på dei fleste butikkar og overanttingsplassar i Vang. I appen Outtt til alle typar telefonar ligg også fleire av turane.