Nyheit

Nye vangsgjeldingar

  Nyheitsarkiv
11. jan 2016
  • Kristina Hensåsen (33) – Lærar Vbu – Flytta frå Lillehammer – Det var ein lang prosess før vi til slutt valde å flytte heim. På pluss-sida var initiativ frå kommunen, skolesatsinga og alt det bra som skjer rundt Innovangson. Sjølvsagt var det skummelt, men no gler eg meg til å bidra og vera nyttig i lokalsamfunnet.
  • Amanda Erika Myrsell (24) – Reiseproducent – Flytta frå Hemsedal – Med opphav fra Sverige og oppveskt i Hemsedal var det kjærligheten som førte meg til Vang. Å med denne fantastiske naturen er det ikke vanskelig og trives! Nært til fjell og friluftsaktiviteter som fiske, ri i fjellet og stå på ski – noe som treffer meg veldig godt. Etter inflytting i kårboligen på garden har jeg også fått det fint med en variert og allsidig jobb!
  • Remi Nilsen (38) – 
Økonomisjef Vang kommune – Flytta frå Bergen – Eg hadde lyst på nye utfordringar og meir ansvar enn i den gamle jobben, økonomileiing er det eg kan. Og så er det jo greit å få litt annan input enn i storbyane. Så langt er eg særs nøgd med Vang!
  • Wenke–Nina Bruflot (54 år) – Sjukepleiar – Flytta frå Lierskogen – Dette har vi tenkt på i mange år, og nå passa det med tanke på ungane. Vi er fjellfolk på så mange måtar og her ser vi rett ut i fjellet i det vi vaknar. Luksus! Etter mykje tid på hytta har vi allereie eit nettverk i bygda.
  • Bjørn Olav Søndrol (33) – Prosjektleiar og sauebonde – Flytta frå Lillehammer – Å la ungane vokse opp på ein plass som dette, med utsikt, plass og dyr tett innpå, framfor i eit rekkehus på 95 kvm, er nok hovudgrunnen til at det vart Vang att. Og så er det positivt av Vang har vist seg som ei kommune som tørr satse på unge.
  • Elise Edvardsen (25) – Opphavleg frå Mesnali – Vernepleiar –
 Heile Vang og resten av Noreg vart kjend med Elise Edvardsen då Øyvind søkte lukka i «Jakten på kjærligheten». – Det vart full klaff i jakten og etter endt skulegang i vår flytta eg til Vang. Den 24. oktober kom Kristoffer til verda, og sjølv eg ho stundom tenker på heimplassen byrjar eg verkeleg å finna meg til rette med livet i Vang.
  • Edrie C. Sim (33) – Opphavleg frå Filipinane
 – Helsefagarbeidar

– Eg kom fyrst og fremst til Vang for å arbeide på Vangsheimen, men no trivast eg såpass godt at eg ikkje veit kor lenge eg vert verande. Arbeidet er fint og sjølv om språket til tider er ei utfordring trår både kollegaer og bebuarar på Vangsheimen til for å lære meg nye ord.
  • Mari Rogn Tveit (25) og Olav Ulven (25) – Flytta frå Hamar – Vi fekk arbeid i Øystre Slidre og Vestre Slidre og då passa det plutseleg perfekt å flytta til Vang. Valet vart lett i det me fann hus i Høresbygda som både er ei fin grend og har gode tur– og treningsmoglegheiter vi nyttar mykje.
  • Jan Olav Hemsing (27 år)  Opphavleg frå Vang (studert i Trondheim)– Stundent og arbeidssøkjande – Eg har alltid tenkt at eg skulle tilbake til Vang, og no passa det bra. Her er det stille og roleg og eg får tid på meg til å finne ut kva eg skal gjera framover. Ei positiv overrasking ved å flytte heim er alle dei trivelege folka eg eigentleg ikkje ana at budde her. Eg trivst med andre ord godt, men finn eg meg ikkje fornuftig arbeid vert det nok studiar att til hausten.
  • Solveig Voldhaug (65) og Helge Sveinhaug (58) – Førtidspensjonist og arbeidssøkjande – Opphavleg frå Kongsberg – Tilfeldigheitar gjorde at vi for tolv år sidan fann fram til at garden Belsheim var til sals. Sidan den tid har vi brukt alle feriar på å pusse opp garden og no i haust flytta vi endeleg oppover. Vi stortrives her på grunn av ein god kombinasjon av nydeleg bustad, trivelege folk og eineståande natur.
  • Trine Ingeborg Hopen (28) – Opphavleg frå Elvalandet i Nord–Trøndelag – Avløysar og personleg assistent  – I fjor sumar var eg på stølen i Sandalen i lag med Ida og Sigmud. Eg likte godt både folka og naturen i Vang og i løpet av hausten bestemte eg meg for å bli verande. Eg er interessert i gamle handverkstradisjonar, og det at det er såpass mange dyktige handverkarar i bygda å læra av, er ein god bonus.
  • Kari Irene Nærlie (55 år) – Opphavleg frå Brummundal – Jobbar på Introduksjonssenteret – Med barnebarn i Høre og sterk tilknyting til Valdres har eg ynskt meg hit i mange år. Naturen her er faktisk så vakker at han gjer noko med meg. Og så tykkjer eg det er eit inkluderande miljø her i Vang. Mange, og kanskje særleg dei unge, er opptekne av at andre skal trivast. Klaffar alt med jobb og bustad kan eg brått bli verande lenge.
  • Marek Pietrulewicz (29) – IT-konsulent i fleten.net – Flytta frå Århus i Danmark – Det var jobben som førte meg hit. Bedrifta skulle ha eit prosjekt her, pluss at eg kan jobbe for våre andre kundar via kontorplassen på 1724. Vang har vore storvegs i sumar, men denne vinteren er eg noko meir skeptisk til.
Nokre av mange nye fjes i bygda

Nokre vert livet ut - andre testar Vang for ei kortare periode. Hels på nokre nye fjes i bygda det siste året!

I Tyin–Filefjell-magasinet presenterar vi i kvart nummer seks nye vangsjgjeldingar. Her har vi samla presentasjonane frå dei to siste numra - trykk på bileta for å lese om dei :-)