Boye Rønningen (22) flytta til Ryfoss i haust og er no i gang med eige utleige firma retta mot privatmarknaden.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nystarta utleigebedrift

Nystarta utleigebedrift

12. januar 2021

Nytilflytta vangsgjelding Boye Rønningen (22) har starta utleigefirmaet Rønningen utleie som satsar på praktisk utstyr til privatmarknaden.

– Dette fungerer godt i både Gudbrandsdalen der eg kjem frå og i Oslo der eg har arbeida dei siste åra, og eg tenkjer det er ein marknad også her i Vang og Valdres, fortel Boye Rønningen som før jul starta opp Rønningen utleie. 



Nettside, Facebook– og Instagram-side er sett opp, samstundes som han så smått er i gang med utleige.

– I fyrste runde er det handverkty for byggeprosjekt, men det blir både hengarar og diverse anna mindre anleggsutstyr i løpet av relativt kort tid. 

Rønningen er frå Sør-Fron i Gudbrandsalen, men kjærleiken fekk han til å bytte ut pendling til Oslo med fast adresse i Ryfoss og arbeid som gravemaskinførar for Tveitabru Bygg AS.

– Det er mykje det same her og i Gudbrandsdalen og det har gått fint å verta kjent med folk. Og så var det jo veldig greit at det er bedrifter som er i vekst-modus og tilset folk om dagen, det gjekk  ganske greit å ordne seg jobb!