Det er styret i Torsheim grendehus som har vore pådrivarar for dugnadsarbeidet. Frå venstre: Elisabeth Hålien, Cathrine Leine Nøkleby, Anine Rauken Kattevold og Helene Tvenge Qvale. Med i styret og dugnadsarbeid er også Per Nichlas Kvam.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nytt liv i Torsheim grendehus

Nytt liv i Torsheim grendehus

28. august 2022
Etter ein stor vannlekkasje i fjor vinter, såg det mørkt ut for Torsheim grendehus. No har imidlertid ein iherdig dugnadsgjeng lagt ned utallige timar arbeid og gitt nytt liv til møteplassen i sentrum!

- Då me såg kor mykje skade det hadde vorte på huset etter vannlekkasjen, så stod me vel litt ved eit vegskille; skal me rive heile huset, eller gje det ein sjanse? seier Helene Tvenge Qvale. 

Det var starten på utallige timar dugnadsarbeid, bekymringar, tunge luft, maling, beising og mange gode hjelparar. For styret i grendehuset kunne ikkje la det gamle bygget, med så mykje gode minner, bli til ei tomt og ei historiebok. 

- Me er altfor glad i huset, me har jo gode minner herfra sjølve. Det er eit fantastisk fint og koseleg hus, med fin beliggenheit og mykje potensiale for bruk, seier Cathrine Leine Nøkleby. 

 

- Hell i uhell 

Vannlekkasjen i grendehuset var oppdaga ein februardag i fjor, då det røyk ut av pipa. Med ein dårleg magefølese reiste Elisabeth bort for å sjå kva som foregikk. 

- Og då bada heile kjøkkenet og badet i vatn, det var reine svømmebassenget der inne. Ein kobling til vaskemaskina hadde sprekt og fylt halve huset med vatn, fortel Hålien.  

- Då me endte på at me faktisk ville sette i stand huset att, så var det jo ein ypperleg moglegheit til å både flytte kjøkkenet og få betre plass, samt beise og male veggane. Hell i uhell kan ein eigentleg kalle det, legg ho til. 

I tillegg har alle golv i grendehuset vorte bytta ut, det er kommet på plass varmtvannstank, det er bygd verandadør og veranda, og uteområdet har fått ein real finpuss. 

- Me er sjølvsagt ikkje heilt ferdige endå, det manglar både listing innandørs, maling utandørs også vil me få på plass rullestolrampe før jul helst. Den skal opp ved plattingen, seier Tvenge Qvale.

- Heldigvis har forsikringsselskapet tatt mykje av støyten, samt eit tilskot frå kommuna og litt frå ein Spleis. Men eigeninnsatsen som er lagt ned her har også spart oss for mykje utgifter. Me har verkeleg prøvd å halde kostnadane nede, fortel Hålien. 

 

Stå på-vilje frå mange hald 

Det er hovudsakleg styret i grendehuset som har vore største drivkraften til oppussing og opprusting av Torsheim. Med ein enorm stå på-vilje har dei klart å vekke liv i det som ein gong var ein av bygdas største møteplassar. 

- Det er Elisabeth som har hatt styringen og oversikt over alt, så har me andre berre stilt opp så godt me kan, smiler Leine Nøkleby. 

Ho fortel at då skaden fyrst var skjedd, var dei nødt om å klinke til med eigeninnsats for å i det heile tatt få det til å gå opp. 

- Alle me som sitt i styret er jo oppriktig engasjert og motivert for at huset skal leve vidare og fortsatt kunne brukast til forskjellige arrangement. Skulle me få til det, måtte me jobbe mykje sjølv, seier ho. 

I tillegg til å legge ned mange arbeidstimar sjølve, har dei og hatt mykje gode hjelparar med seg! 

- Det har ikkje stått på hjelpende hender. Det har vore mange som har villet bidra og vere med å arbeide, det er me særdeles takknemlege for. Me har og hatt me oss fagfolk på nokre ting. Me er riktig nok engasjert, men snikkarar er me ikkje, ler Hålien. 

- Så er det heilt utruleg kva ein får om ein berre spør. Gjerdet utanfor her er det ein som berre kom med, og satte opp! Og den nye kjøkkeninnredningen her fekk me gratis, då nokre andre skulle bytte den ut, smiler ho.

 

Håpar folk vil bruke grendehuset 

Sjølv om Torsheim ikkje er heilt ferdig opprusta endå, er det fullt mogleg å bruke det slik det er no. Styret håpar at bygdefolket no benyttar seg av moglegheiten til å leige grendehuset. 

- Det er jo det me aller helst vil, at folk skal bruke det. Mykje. At det skal vera eit lokale ein kan leige både til kulturelle arrangement, bursdagar, bingo og barnedåp, altså det er vidt spenn. Her er det rom for mykje, smiler Hålien, 

- Og om det er nokon her i bygda som ynskjer å leige det til faste aktivitetar, så er me ikkje vrange der. Me vil jo at folk skal bruke huset, seier Kattevold Rauken. 

Allereie er det nokre som har ytra ynskje om å leige Torsheim, og i oktober skal det og arrangerast Oktoberfest! I tillegg ynskjer styret å arrangere ein skikkeleg opningsfest når Torsheim står heilt ferdig!

- Det er veldig positivt at folk har fått med seg at det er mogleg å no arrangere ting her, det er jo det aller beste, smiler Tvenge Qvale. 

Med i opprustinga kom det jammen ei Facebook-side og! Sjekk gjerne ut Torsheim grendehus si side her.