Marek Pietrulewicz (t.h.) flytta til Vang i vår og er fleten.net sin faste medarbeidar i Valdres.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nytt liv på Høre skule

IT-skule for flyktningar

24. september 2015

Femten flyktningar med endeleg avslag på asylsøknaden går IT-skule på Høre måndag, onsdag og fredag fram mot jul. Målet er ein internasjonalt godkjent sertifisering og moglegheit for jobb i heimlandet.

– Tanken er at sertifiseringa vil gjera dei i stand til å få arbeid i heimlandet og at dette igjen skal motiver dei til å reise frivillig frå Noreg. Ein har på ein måte snudd tankegangen litt på hovudet, fortel Kjetil Fleten, dagleg leiar i fleten.net som står bak prosjektet.

Den danske IT-bedrifta har sin norske avdeling på Kontorfelleskapet 1724 i Vang sentrum. Prosjektet som er støtta av Utlendingsdirektoratet er det fyrste store prosjektet bedrifta har i Noreg.

Motivert gjeng

Tre dagar i veka vert elevane plukka opp med minibuss ved Vang mottakssenter og frakta til Høre skule. Her ventar to-tre lærarar og tre timar med skule måndag, onsdag og fredag.

– Her er både fiskarar, handverkarar og folk med høgare utdanning. Fellestrekket for dei er at motivasjonen til å skaffe seg kompetanse er på plass, fortel Fleten.

Med såpass brei bakgrunn nyttar lærarane mykje tid ein til ein for å dytte alle opp på same nivå. Etter kvart ver dei dyktigaste elevane også nytta som mentorar for dei andre. 



– Mange her er særs motiverte. I går hadde vi for eksempel folk innom på kontorfellesskapet som hadde spørsmål kring tema dei hadde gjennomgått dagen før. Sånt er motiverande også for oss, fortel Fleten.

Håper på arbeid

Ali Juma og Milad Habib er to av kurs-elevane. Dei får ikkje fullrost kurset nok.

– Dette er eit godt opplegg for oss. Vi lærar mykje kvar einaste dag vi er her, og det kjenst godt å meistre noko vi ikkje viste særleg mykje om frå før. Det at dette også kan gjera oss i stand til å få arbeid seinare er sjølvsagt den aller største motivajonsfaktoren, fortel karane.

Også det å ha ein god grunn til å koma seg opp om morgonen er noko dei trekk fram som positivt, i ein elles ofte monoton kvardag.


– Det vert mange like dagar gjennom veka, så desse undervisningsøkteneer fine avbrekk i kvardagen.

Om to-tre av deltakarane på kurset ender opp med arbeid ein eller annan stad i verda og forlet Noreg frivillig, er kurset ein suksess. Kjetil fortel at dei er i gang med å sjå på moglegheitene for nettopp dette.

– Vi har kontaktar i mange delar av verda i selskapet og vi sjekkar no ut fleire aktuelle jobbmogelegheiter rundt om. Eg både trur og håper vi skal lukkast med dette, fortel Fleten

Smal nisje

Det er OpenSource software og nettverksløysningar frå Cisco elevane får kursing i fram mot jul. Dette er eit smalt felt innan IT-sjangenren, men nettopp det er sjølve suksesskriteriet.

– Det er mangel på denne kompetansen over alt i verda. Det at vi gjennom å velje ei såpass smal nisje gjer at dei kan lære det som krevjast for å få internasjonlat godkjent sertifisering på berre tre månader, fortel Fleten.

IKT Valdres har stilt gamle maskiner til disposisjon. Samstundes har mange lokale levert inn sine utdaterte maskiner til prosjektet.

– Vi har formatert maskinene og kopla dei opp til serverane våre i Danmark der vi har ein eigen undervisningsplattform vi nytter i kurset. Drahjelpa med å finne både maskiner og klasserom her på Høre har vore til stor hjelp for oss, fortel Fleten.

Etablerer seg i Valdres

fleten.net har etablert seg med kontorplass på Kontorfelleskapet 1724 i Vang sentrum. Prosjektet med skolering av flyktningar er det første større oppdraget dei gjer i distriktet, men Fleten sjølv håper det ikkje vert det siste.

– Målet er å ha nok oppdrag for å sikre ein arbeidsplass i fyrste omgang. Trådlause nettverksløysningar som er vår spesialitet er noko både reiseliv og andre delar av næringslivet i Valdres nyttar, og som eg trur vi kan levere best produkt på, seier han.

Vidare er Fleten tydeleg på at det ikkje er tilfeldig at bedrifta etablerar seg i Vang.

– For det fyrste er kontorplass på eit fellesskap som 1724 ein god start. Men det at eg kan sende medarbeidarar opp hit og vite at det er eit inkluderande miljø i bygda, er uvurderleg. Det same er hjelpen med å finne bustad, avsluttar Fleten.