Førti husbyggjarar jamnt fordelt mellom næringsdrivande og «tiltakshavarar» stilte på husbyggjarkveld i Vang onsdag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nyttig om nybygging

Nyttig om nybygging

20. april 2017

Førti husbyggjarar og entreprenørar syta for ein matnyttig husbyggjarkveld i Vang onsdag.

– Det er særs nyttig å få kjennskap til alle som er involvert i eit byggjeprosjekt. Og eg må seie det kjenst litt unikt at konkurrentar sit her og informerer ope om rutinar for prising og gode tips til oss som skal byggje, seier Huub Mattijssen.

Han hadde teke turen eins ærend frå Nederland for å vera med på husbyggjarkvelden, samt sjekke ut eigedommen han og kona vurderer å kjøpe i Vang.

– No har vi eit ansikt på mange av dei vi treng hjelp av for å kome i mål med våre planar. Vi vert ikkje akkurat mindre gira på å flytte oppover og satse etter ein sånn velkomst, seier han.

Mange vil byggje

Av dei førti husbyggjarane som kom var det om lag halvparten entreprenørar/handverkarar og halvparten «tiltakshavarar».

– Mange har nok eit romantisk forhold til husbygging, og denne kvelden kan gje ein realitetsorientering før ein går i gang. Målet er å syte for låg terskel for dialog og forhåpentlegvis få svar på smått og stort de lurar på i høve eit byggjeprosjekt, innleia Ingrid Wigdel i Vang sparebank kvelden med.

Etter idé frå henne stod banken og Innovangsjon saman om husbyggjarkvelden. 


Tipsa sat laust

Entreprenørar og handverkarar vart utfordra på prising, førebuingar og oppfølging, samstundes som husbyggjarane kom med sine spørsmål fortløpande.

– Ved sidan av at vi har notert med ein heil bråte med tips og triks sit vi også att med eit godt bilete på i kva rekkefølgje ting bør skje i høve til byggjeprosjektet vårt, var ein av kommentarane etter den tre timer lange økta på Mjøsvang kafe.

For øvrig vart dei fleste ståande att ein god stund etterpå og diskutere husbygging. Om lag ti hus vert bygd i Vang dette året. Samstundes er mange i startgropa med planlegging av oppussing eller nybygging.

Lokal kompetanse


Alle næringsdrivande i Vang var invitert til kvelden, og representantar for alle fagfelt relevant for bygging stilte opp.

– Denne kvelden synte at vi har den aller beste kompetansen på husbygging her lokalt, seier næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

Her var mange som både synte seg som fleksible og særs opne for å tilpasse prosjekt til individuelle behov.

– Skal ein oppsummere det vi har fått med oss er nøkkelen til eit godt resultat å setja saman riktig leverandørteam tidleg. Eventuelt involver ein lokal totalentrepenør tidleg som kan gjera det for det.