Nils Torstein Hermunstad testar ut interessa for kortreist økomat i lokale Joker-butikkar under merkenamnet Øko-Nils.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Øko-Nils på lokale Jokerbutikkar

Øko-Nils på lokale Jokerbutikkar

11. april 2019

Øko-Nils som foredlar økologisk høylandsfe–kjøtt frå eigen besetning i Øye er no ute i butikk med fleire produkt.

– I fyrste omgang er det hamburger, kurveburger og kjøtpølse vi har ute i Joker-butikkane på Tyinkrysset, i Ryfoss, Tisleidalen og på Vaset, fortel Nils Torstein Hermunstad.

Han er gardbrukar på Nørre Kjærsten gård i Øye der flokken med høylandsfe får beite fritt heile året. Dei siste åra har han teke kontroll over foredling og sal av produkta sine sjølv gjennom merkevara Øko-Nils.

- På Tyinkrysset er også stykningsdelar som indre- og ytrefilet, entrecôte flatbiff og mørbrad til sals. Dette er ekstremt mørt kjøt som er produsert på økologiske prinsipp, og eg kan garantere eit vellukka måltid med høylandsfe på bordet.

Øko-Nils lagar også kurv med raudvin, driv vedsal frå eigen skog og forhandlar fleire produkt frå Ey gard som driv med gamalnorsk spelsau.

VIPPS og direktelevering

Ved sidan av sal gjennom Joker-butikkane satsar Hermunstad moderne og har oppretta eigen butikk i VIPPS der kven som helst kan kjøpe kjøt.

- Enklast mogleg levering avtalar vi direkte i høve kvart kjøp, informerar Hermunstad. 

Denne sommaren vert han også å finne med salsvogna si i Flom frå 1. juni til 1. september der alle produkta vert å få kjøpt.

Øko-Nils kjem du i kontakt ved via 971 10 120 // nilstorstein@gmail.com. Han har også eigen facebookside.