Anleggsbrua gjer at trafikken flyt som normalt på hovudvegen, samstundes som anleggsarbeidet kan halde på uforstyrra. Foto: Statens vegvesen
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Oppdateringar frå Kvamskleiva

Oppdateringar frå Kvamskleiva

19. april 2021
Med god trafikkflyt i båe endar og snart 500 meter klar tunell er Kvamskleivaprosjektet godt i rute.

– Det skjer mykje i Hugavike no, og det vil nok vera merkbart for dei som bor i området, seier byggeleiar Edvin Rye i Statens vegvesen og prosjektleiar Jan Lima i Hæhre Entreprenør.

Prosjektet har eigen heimeside, og har nett kome med ny informasjon til dei som er tettast på utbygginga.

I all hovudsak er bodskapen at det går som planlagt og at trafikken kjem til å flyte greit i sommar. Kvamskleiva har i lag med dei andre vegutbyggingane i Valdres også eigen Facebookside.

Det er verdt å merkje seg at delar av strekninga langs Kongevegen over Filefjell i Kvamskleiva er stengt fram til byrjinga av juli