Marianne Berge, Vegard Eltun, Jon Helge Solemsli, Bjørn Olav Søndrol og tidlegare kommuneoverlege Sidsel Offergård Jevne var på plass og fekk utdelt prisen av ordførar Vidar Eltun.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Positivprisen til Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps

Positivprisen til Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps

03. desember 2020

Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps er vinnaren av Positivprisen 2020.

Utdelinga var under bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag der  hovudtrekkplasteret elles var Sigmund Løvåsen som fortalde den interessante livshistoria til Kjell Aukrust. 

Her er ordførar Vidar Eltun og formannskapet i Vang si grunngjeving for vinnaren - gratulerer!! : 

«Eit av årets høgdepunkt for ordføraren er å få dele ut Positivprisen – eller den positive vangsgjelding. Kriteriene er som før: ”Den positive Vangsgjelding” må vere eit godt fordøme for alle oss i Vang. Kandidaten må kome bygda si i hug på ein positiv måte, utan tanke på eiga vinning. Kandidaten må ikkje minst vere kreativ og ein lagspelar, med evne til samarbeid.” Leiaren i ungdomsrådet møter saman med formannskapet for å peike ut prisvinnaren.

I år vart det forfall frå leiaren i ungdomsrådet, men me var mange nok likevel til å kunne fatte vedtak. 
Det kom inn mange forslag på gode kandidatar også i år. Takk til alle som foreslår kandidatar. Og om ikkje din kandidat skulle vinne i år, er det lov å fremje kandidaten på ny. Det er eit trongt nålauga å trenge gjennom. De skal iallfall vite at alle kandidatar blir nøye vurdert opp mot kvarandre, det er lange diskusjonar i formannskapet, men me blir som regel samde om ein kandidat til slutt. Slik vart det også i år. 
2020 har vore eit heilt spesielt år. For deg, for meg, for oss alle. Ein kan kanskje også hevde at årets kandidat også er litt utanom det vanlege, at juryen har strengt strikken langt. Ja, kanskje det, men me står støtt i det valet som me har gjort. 

Vinnaren av Positivprisen er ofte ein eller ei som set frivillig arbeid høgt. Som brukar tid på andre. Som set seg sjølv i andre rekke. Årets vinnar er nettopp akkurat slik. Stiller opp på kort varsel, har gode eigenskapar, fagleg dyktig og utfører oppgåvene med respekt og med stor gjennomføringsevne. 
Oppgåvene kan vere svært varierte. Det kan bli sett krav til mot, styrke, rask responstid og ikkje minst det å vere eit medmenneske. 

12. mars 2020 vart landet vårt stengt ned. Landet var i krise. Me trengte alle som kunne stille opp i og for samfunnet. Også her i Vang.  Kriseleiinga i kommunen vart samla; korleis skal me takle dette her? Saman og åleine. Me trengte å spele på alle ressursar. Virussjukdommen Covid 19. spreidde seg raskt. Det var viktig å få testa dei som kunne vere smitta. I starten vart berre nokre få utvalte testa, etter kvart fleire. Det har vore ein krevjande jobb, ein har måtte stille opp på kort varsel for å få gjennomført nødvendig testing. 

Årets kandidat har over ei lang rekke med år bygd seg opp kompetanse, investert i nødvendig utstyr, drev med opplæring av seg sjølve, men og for andre i bygda. Mange stiller også med eige med privat utstyr når det måtte trengjast. Det er snakk om ambulanse til sjuketransport, redningsbåt med tilhengar og snøscooterar med meir. 

Oppdraga har vore mange og ofte både krevjande og farefulle. Dei er klare til å rykke ut 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Dei gjer ein framifrå innsats for samfunnet vårt. Øvingar i fjellet og elles i naturen gjev god lokalkunnskap, noko som er heilt avgjerande i ein krisesituasjon. 
Utan deira og andre sin frivillige innsats, hadde ikkje Vang kommune hatt så god beredskap som me trass alt har. Ja, det er mykje meir lovord ein kunne si til årets vinnar av positivprisen, men eg trur alle skjønar kor viktig jobb dei gjer og at dei fortener å bli sett pris på. 

Og berre for å presisere det som vart utslagsgjevande i år, vår den enorme innsatsen som har vorte lagt ned i samband med testing av alle som har trutt, eller skal me si frykta, har vorte smitta av koronavirus. Som me veit, er det pr. no ingen med påvist smitte i Vang. Det skal me vere takknemlege og glade for. 

Ja, det er vel ikkje lenger noko tvil. Vinnaren av Positivprisen 2020 er Grindaheim Røde Kors Hjelpekorps! 
Ansvarleg for gjennomføring av testane, tidlegare kommuneoverlege Sidsel Offergård Jevne, skal få blomane for sin innsats. Ho har i godt samarbeid med noverande kommuneoverlege Marit Tuv og anna helsepersonell, gjort ein formidabel innsats. 

Gratulerer!!»