Det synlege beviset på at Ryfoss Betong AS er årets bedrift i Valdres heng no på kontorveggen .
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Prisdryss til næringslivet i Vang

Prisdryss til næringslivet i Vang

30. oktober 2018

Denne hausten har Tyinlam og Ryfoss Betong AS dratt tre regionale næringsprisar til Vang.

I løpet av ei veke i september fekk fyrst Tyinlam «Innlandets matpris» under ei storstilt kåring i Vikingskipet på Hamar, før dei nokre dagar seinare kapra «Bedriftsutviklingsprisen» for Oppland.

- Dette er verkeleg artig, og prisane gjev oss mykje motivasjon til å jobbe vidare med å levere naturbasert lammekjøtt og heimelaga produkt av høg kvalitet, direkte frå oss og høgfjella i Vang i Valdres. Smarte investeringar med god støtte frå Vang kommune og Innovasjon Norge, samt stor eigeninnsats har gjeve resultat som vi nå skal bygge vidare på. Takk til alle for samarbeid, stemmer, og tilliten til å levere Tyinlam, seier Line Svien som saman med mannen Kjell Gudmund driv bedrifta.

Familiebedrift i føringa

Ryfoss betong leiar an i ein annan ende av næringsfloaren i Vang der dei leverer ferdigbetong og betongprodukt til alt frå privatpersonar til vegtunnelar. I starten av oktober fekk familiebedrifta med 18 tilsette årets «Næringspris for Valdres».

– Det var rett og slett fantastisk artig å få ein pris som dette. All honnør til dei tilsette som stiller opp dag og natt og leverer 100 % heile tida, seier dagleg leiar i Ryfoss Betong, Marianne B. Berge.

Ho gjev også ros til eit framoverlent styre og understrekar at framleis utvikling er høgt på agendaen.

– Vi skal oppdatere oss på ny teknologi, blandesystem, bilar og produksjonsutstyr samstundes som vi skal miljøsertifisere alle stasjonane våre. Dette vert viktig for å halde på marknaden og sikre arbeidsplassar, seier Berge.


Det gror godt

Ordførar i Vang, Vidar Eltun er stolt over Tyinlam, Ryfoss Betong og resten av næringslivet i kommunen.

- Det at såpass mange lukkast med det dei satsar på er stor stas. Prisar er ein ting, men det viktigaste er at desse bedriftene dytter utviklinga i Vang i riktig retning og skapar gode arbeidsplassar, seier Eltun.

I kjølvatnet bak de prisvinnande bedriftene er det også mange i Vang som ynskjer å realisere sin eigen ide.

– Mange etablerte bedrifter har gjort store og vellukka investeringar i det siste og pilane peiker rette vegen. Då er det ekstra gledeleg å sjå at også mange har idear og prosjekt dei ynskjer å skape om til ein arbeidsplass, seier næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

Til dømes var nær halve finalefeltet under idekonkurransen StartUppValdres gründerar frå Vang.