julie (1).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Regnskogforedrag_

Vinjerock-Julie engasjerte

20. oktober 2015

45 publikummarar vart tatt med på ei eksotisk reise i 'den fantastiske regnskogen' på Vang frivilligsentral onsdag kveld då Julie Forchhammer viste bilete frå turar til Borneo, Kongo og Amazonas.

Foredraget veksla mellom det fantastiske og det grusomme, og tilhøyrarane vart engsjerte i det viktige arbeidet regnskogfondet gjer. 'Kvart minutt forsvinn regnskogareal på størrelse med 30 fotballbaner.

Tømmerindustri og palmeoljeproduksjon er dei største truslane.

Kva kan du som forbrukar gjere? Styr unna varer produsert med regnskogtømmer og palmeolje!' var eit av bodskapa frå Forchhammer.

Vang sparebank var samarbeidspart i arrangementet og oppmoda alle til å ha kontantar klare på sundag når bøsseberarane frå årets TV-aksjon kjem på døra.