DSCF9621
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sangglede og fellesskap i Vangskoret

Sangglede og fellesskap i Vangskoret

02. mars 2023
25 sangglade kvinner og menn møtest kvar veke for å synge saman, øve på å bli betre, og ha eit sosialt fellesskap. Sanggleda står i sentrum - og den er stor!

SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral. 

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

Dei starta som to ulike blandakor - Øye og Fjellblom sanglag og Vang sanglag. Etter at dei slo seg saman har dei hatt annankvar øving på Åsvang og på VBU. Dei har eit allsidig repertoar med både gamalt og nytt innan ulike sjangera, frå folketoner til musikalar, og dei er opptatt av å vere eit kor for alle.

- Alle skal føle seg velkomne, seier Elisabeth Myhre, som har vore leiar i koret det siste året. Ho har tidlegare vore dirigent i mange år, no trivst ho med ei anna rolle. - Det gir meg mykje å vere både korsanger og leiar, sangen har vore ein viktig del av heile livet mitt. Det er fint å vere leiar når vi har ein flink dirigent som får alle med.


Korsang på blå resept

Og koristane skryt av dirigenten sin, Silje Helland. - Ho har masse engasjement, fortel dei, - ho roser når det går bra, og så er ho god på å lære bort sangteknikk, og vise kva ho vil slik at vi forstår. - Og så har ho humor, skyt ein annan inn.

Og engasjementet er tydeleg når Silje får spørsmål om kvifor ho driv med kor - ho dirigerer faktisk begge kora i Vang no; Vangskoret og Høre mannskor. - Sanggleden er fantastisk! utbryt ho, - og å synge i kor burde vore på blå resept. Det er sosialt, det er meistring, å få til noko saman, det er faktisk forska på at etter 20 minutt bankar hjartene i takt. Dei stroppa EKG-målarar på korsangere, er ikkje det tøft? Gjennom sangen kan ein få ut både glede og aggresjon. Og korsang er ein viktig del av å halde kulturen levande, vi kjenner til at det har vore kor minst sidan 600-talet.

Ho skryt av kulturen i Vangskoret, fortel at dei er ein fin og triveleg gjeng som tar vare på kvarandre. Nye blir tatt rett inn i omsorgen, og den er stor. - Du blir ringt til om du er borte, dei har god kontroll på kvarandre, humrar ho, - einaste gyldig fråvêrsgrunn er din eigen begravelse!


Eit viktig fellesskap og haldepunkt i livet

Då Sheila Joy Betinala kom til Vang vart koret ein arena for å lære norsk. Ho hadde korerfaring frå Filippinene, og no har ho vore med i Vangskoret i 11 år, under 4 forskjellige dirigentar. - Først var det vanskelig, eg var litt flau for å prate, men no er det berre moro, fortel ho.

Maj Bendiksen har vore med sidan ho kom til Vang i 1997. - Det er sosialt, det betyr mykje å gjere noko saman. Og så likar eg å synge, og det å synge saman med andre er spesielt fint, å få noko til å høyrest bra ut saman. Sølvi Havro er tilbake i koret etter ei 10 år lang pause. - Eg vart henta på døra, det set eg stor pris på. Eg har kjent veldig på dørstokkmila, då hjelper med litt press!

Signe Marit Haugen har vore med i 40 år. - Eg hadde eit opphald, men då eg høyrte dei synge inn jula kjente eg at det var feil å berre sitte og høyre på. For Signe Marit har koret betydd mykje som ein fast møteplass i tunge tider. Ho har mista to av sine nære, og då har det vore viktig å ha noko fast for å halde seg gåande, kjenne at ein klarer å fortsette å synge. - Sjølv dagar der eg ikkje trur eg orkar, så kjem eg heim og kjenner meg oppløfta av sangen. Og så er pausen viktig, med prat og kaffi. Koret gir fellesskap og vennskap med folk eg elles ikkje ville blitt kjent med.


To toneartar og to taktartar

Tilbake på øving etter pausa kjem det tydelege beskjedar frå Silje. - På dei første to linjene skal sopranane o-e, instruerer ho. - Skal vi andre halde kjaft? spør ein tenor, - ja det var dine ord, bekreftar dirigenten lystig.

Dei øver på julerepertoaret. Første gjennomkøyring av ‘Det hev ei rose sprunge’ går ikkje akkurat knirkefritt. - No hadde vi to toneartar og to taktartar, veldig interessant, Arne Nordheim ville vore stolt, spøkar dirigenten. Ho omstrukturer oppstillinga, og det lyder straks betre. Men ikkje heilt bra. - Solisten syng faktisk i tonearten, og det betyr at de andre ikkje gjer det, kan Silje opplys om. - Betyr det at vi andre synk? svarer ein korist med påtatt overrasking, - Jepp, kjem det tørt tilbake. Det er mykje latter mellom slaga. Silje går tett på dei enkelte stemmegruppene for å dra dei opp, knipser takta, driv dei framfor seg, - Ja det var mykje betre. Såpass hard må vi kjempe med den her.


Alle er velkomne

Elisabeth fortel at det er viktig med ein tydeleg leiar, som ser alle, og kjem med tydelege beskjedar. - Om fleir ønskjer å bli med så berre ta kontakt, enten med meg eller med nokon av dei andre i koret, så skal vi ordne med samkøyring så du slepp å kome åleine første gangen. Du får teste ut kva stemme du er komfortabel med, her er det ingen opptaksprøve. Koret ønskjer seg særskilt fleire menn for å få betre balanse mellom stemmene. - Dei er veldig gode dei vi har altså! skyt Elisabeth inn, - og alle nye skal bli tatt godt imot!


Faktaboks

- Kor for alle, du treng ikkje kunne noter eller synge på opptaksprøve
- Øvinger på torsdagar kl 19.30-21.30, annankvar gong Åsvang/VBU
- I tillegg om lag 3-4 konsertar i løpet av året
- Kontaktperson: Elisabeth Myhre, 90591761