Nyheit

Satsar kreativt i Vang

  Nyheitsarkiv
12. mai 2016
Anne Marte Før og Silje Josten Lien har båe starta eigne føretak innan medieproduksjon denne våren.
Foto og frilansverksemnd frå Kontorfellsskapet 1724

Silje Josten Lien og Anne Marte Før er i gang med eigne mediebedrifter. Båe leiger kontorplass på 1724 og satsar mot lokale og nasjonale kundar.

– Journalistikk, tekstproduksjon og PR er dei felta eg kan mest om, men eg er innstilt på å vera særs allsidig no i starten, fortel Josten.

Ho har skaffa seg både kamera og opptaksutstyr, noko som gjer at ho kan levere til dei fleste kanalar og format som fins i 2016.

– Dei fyrste jobbane syner at fleksibilitet er nøkkelen til å lukkast. Det har vore nettsaker til ivaldres.no, portrett til magasin, oppgradering av nettsider og rein radiojournalistikk, fortel Silje.

Josten har journalistikkutdanning og lang erfaring frå NRK Hedmark og Oppland. Til Vang kom ho som kommunikasjonsmedarbeidar i Kosa Seg AS, mens ho no jobbar i ei mindre stilling for Vinjerock som gjev rom for å starte eigen verksemd ved sidan av.

– Eg trivst i alle fall såpass godt her i Vang at det motiverer meir å prøve å starte for seg sjølv enn å flytte på seg, fortel Josten.

Lukkeleik frå Lomen

Anne Marte Før frå vestsida i Lomen står bak den andre nyvinninga på Kontorfellsskapet 1724 denne våren.

– Etter å ha jobba administrativt med kulturfeltet i mange år bestemte eg meg for å bytte side av bordet og jobbe kreativt sjølv, fortel Før. 


Resultatet vart altså fotoselskapet Lukkeleik som ho driv ved sidan av fotostudiar og ei mindre stilling for Noregs Ungdomslag.

– Eg kan levere langt meir enn eit bilete. Sjølv har eg erfaring med alt frå styling, kreative prosessar og kampanjar, samt at eg har gode kontakter som kan levere tekst, nettsider osb., fortel Før.

Utstyr er på plass, dei fyrste bileta har vore på trykk og skoleløpet på Nordic School of Photography er inne i sluttspurten.

– Ein kan seie at tida fram skuleslutt ved nyttår er ei slags prøvetid der eg bygger opp portefølje, kunnskap og erfaring, mens eg frå januar av har som mål å leve av fotograferinga, fortel Før.