John G. Haugen og dottera Andrea Haugen deler på ansvaret for både stell og kos for ulllgrisane på Nertrost fjellgard.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar på hardføre ullgrisar

Satsar på hardføre ullgrisar

31. august 2020

To generasjonar Haugen held styr på ein førtitalls ullgrisar på Nertrost Fjellgard i Vang sentrum.

– Dette er skikkelige utegrisar som får ull på vinteren, et mykje gras og veks sakte. Og så er dei skikkeleg kosete, fortel Andrea Haugen.

Saman med far John G. Haugen har ho vorte griserøktar med bratt læringskurve på Nertrost Fjellgard denne sommaren. 

– Planen var eigentleg å starte med ei vanleg purke i fjor, men så dukka desse opp på finn.no. For å gjera ei lang historie kort så vart det sju purkar som igjen fekk nokre og førti smågrisar i juni.

Sidan då har det gått i stell, mating og kos med grisane, med ein sosial flokk som resultat. No er Andrea tilbake i Sogndal for siste året på bachelor i barnehagelærar, men turen går heim så ofte som mogleg for å bidra til grisestellet. 

Ekte utegris

Etter kvart som flokken har vorte større og større har dei flytta litt rundt på jorda garden disponerer i Vang sentrum. 

– Her dei er no har dei skog å tusle rundt og ein bekk for både drikke og avkjøling. Med tilgang på vintervatn og eit isolert rom kan dei gå her også gjennom vinteren fortel John G. Haugen. 

Rasen er Mangalistagris, kalla ullgris, med opphav i Ungarn.

- Dei treng 14 månader for å nå slaktevekt. Det er noko heilt anna enn vanleg grisehald i Noreg i dag der dei vert slakta etter nokre månader og ofte ikkje veg meir enn 75 kilo. 

Direktesal og foredling

Mangalistagris har høgare feittinnhald enn vanleg gris og egnar seg særs godt til både spekeskinke og pølseproduksjon. Ryktet seier også at smaken er særleg god.

- Planen er å ikkje selje heile dyr i starten men selje direkte til mange og få tilbakemeldingar på kva som fungerer best. Vi skal også eksperimentere litt sjølv med både spekeskinke og annan foredling, fortel John. 

Dette året slaktar dei nokre av purkene, samt at ein del av smågrisane vert seld som livdyr. 

– Vi kan selje nokre til om nokon er kjappe på labben no. Elles vert dei som skal slaktast tekne ut nærmare jul og vi satsar på nye kull med smågrisar til våren att. Årets kull er ikkje klare for slakt før neste haust.

Følg grisane og oksane på Nertrost fjellgard si facebook-side. Elles er det  berre å kontakte John G. Haugen på e–post eller telefon for å tinge kjøt eller kjøpe livdyr. john.g@online.no // 90928995.

Vi nemnar også at utegris frå Vang har ein flott flokk gåande på eit stølsjorde i Skakadalen. Og at  Syndingris bur på eit stølsjorde ved Langehage med utsyn over Nødre Syndin. Båe har heile, halve og stykningsdelar av utegris til sal i løpet av seinhausten.