Eli Belsheim har støtte frå både mann, born og arbeidsgjevar når ho no har teke permisjon for å satse på stølsopplevingar, gardsturisme og sauehald.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar på sau og gardsturisme

Satsar på sau og gardsturisme

08. mai 2018

Med eit ynskje om å formidle støls- og gardsopplevingar satsar Eli Belsheim på ei framtid med gardsturisme og sau som hovudingrediensar.

– Det enkle stølslivet med dyr, mjølk og fjell som mange i Valdres tek som ei sjølvfølgje er eksotiske og ekte opplevingar for både dei fleste nordmenn og for mange utanlandske turistar. Noko så enkelt som å hente mjølk frå tanken på stølen og lage vaflar på han er jo ein slags definisjon på feire for min del, fortel Eli.

I august byrjar ho i eit års permisjon frå jobben som bedriftsrådgjevar i Valdres Sparebank for å koma i gang både med turisme og vonleg sauehald.

Støl og gard

Saman med mannen Eivind og sønene Olav og Andris bur ho på garden Sørre Ellingbø i Vang. Ho eig også småbruket Sørre Belsheim ved Åsvang og til saman er det fleire bygg som er aktuelle for turisme.

– Per no er veslestøga ved stølen på Helin ute på AirBNB og finn.no for korttidsleige, mens våningshuset i Belsheim er til fast utleige og stølen ved Åtjednstølen er tilgjengeleg på åremål, fortel Eli.

Dei stølar sjølv med nokre kyr på Helin og merkar stor interesse for stølslivet frå turistar i området om sumaren.

– Om det er berre å smake på mjølka og kanskje prøve å lage yoghurt, så engasjerer det raskt både unge og vaksne. Etter kvart kan både fiske, fjellturar, kano, grilling og andre aktivitetar også vera ein naturleg del av opplevinga.

På sikt er det planar om å restaurere gamlehuset på Ellingbø og også nytte dette for utleige i ein eller annan form.

Ombygging til sau

Sørre Ellingbø er ein av deltakarne i Ellingbø og Thune Samdrift, og bortsett frå dei vekene dei stølar er kyrne trygt plassert i fellesfjøset.

Med godt vedlikehalden driftsbygning på Ellingbø har Eli og Eivind byrja å sjå på høva for nytt liv på tunet.

- Vi ynskjer å byggje om frå båsfjøs til sauefjøs, noko vi driv og reknar på no og håpar det kan vere økonomi i dette. Det er overskot av rundball i dagens drift, samstundes som det er alt for lite beitedyr i fjella her. Saman med at Vang har topp kvalitet på utmarksbeitet, ligg alt til rette for å lukkast, fortel Belsheim.

Ho er ikkje skremd av eit mediebilete som ropar om overproduksjon og dumpingprisar i sauenæringa.

– Er det ikkje når det går dårleg ein skal satse? Vi snakkar om nokså nøkterne investeringar for at garden skal få eit bein til å stå på. Når så både vi vaksne og ungane er motivert for å få dyr på garden att trur eg det er ein lur veg å på, seier Belsheim.

Innstilt på mangesysleri

Eli ser ikkje realisme i å klare eit årsverk på planane sine heilt frå fyrste dag

– Dersom ting går etter planen, flytter sauen inn i fjøset neste haust og sumarsesongen for utleige i fjella i Vang er kort, så eg er innstilt på å ha jobb ved sidan av.

Ho understrekar også at ho på ingen måte er ferdig med Valdres Sparebank.

– Banken er ein fin arbeidsplass og eg set stor pris på dette høvet til å verkeleg få tid til å byggje opp meir næring knytt til gardsdrifta. Det kan godt hende framtida er ein kombinasjon av gard og bank, det får tida syne, avsluttar Belsheim.