Soltilhøva er optimale i Liagardane.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar på sol

Satsar på sol

04. september 2019

Dei to fyrste solcelleanlegga i privat regi er sett i drift i Vang i sommar. - Dette er framtida, meiner installatørane.

– Det eg ikkje nyttar sjølv sel eg tilbake på nettet som plusskunde. I går var det mykje sol og då produserte anlegget 46,1 kWh. Av den produksjonen selde eg 38,2 kWh tilbake på nettet, fortel avtroppande festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchhammer. 

Tyinholmen installerte eit større solcelle-anlegg tilbake i 2011 , men det var fyrst i sommar at privatpersonane Jon Hålien i Høre og Julie Forchhammer i Liagardane vart dei fyrste «plusskundane» i Vang.

Dekker eige behov

Anlegget til Forchhammer består av 28 premiumpanel med estimert årleg produksjon på 6800 kWh og yting på på 8,4 kW.

– Eg nyttar lite straum til vanleg og i fjor endte forbruket på noko over 8000 kWh noko som betyr at dette anlegget dekker brorparten av forbruket mitt.

Heilt sidan ho kjøpte huset for nokre år sidan har ho vurdert solcelleanlegg då tomta i Liagardane får sin del soltimar gjennom året.

– Ein moglegheit for Vang

Det er fleire aktørar på marknaden der planlegging og bestilling av anlegg er temmeleg enkelt og lokale firma kjem inn og gjer montering.

- Eg er ikkje praktisk av meg og hadde verkeleg ikkje klart å organisere dette prosjektet sjølv så dette opplegget var optimalt for meg.

Forchammer håpar at fleire lokale ser moglegheiter for solceller framover og at kanskje kraftkommunen Vang kan nytte posisjonen til å gjera butikk.

- Eg ser at Gudbrandsdalen Energi til dømes leverer solcelleanlegg til privatpersonar. Det kan jo vera ein veg å gå også her for å ta ein grønn posisjon og skape fleire arbeidsplassar vidare framover.

Stort potensiale

Stein Inge Sæternes frå Ryfoss driv firmaet El-tjenester AS med to kollegaer og dei fekk oppdraget med montering hjå Forchhammer via totalleverandøren Otovo.

– Dette er fyrste taket vi legg men garantert ikkje det siste. Interessa for denne typen anlegg går berre ein veg og i kjølvatnet av elektrifiseringa av bilparken er ser eg det som ein positiv utvikling at mykje av straumen kan produserast der den også vert brukt, fortel Sæternes.

Eit typisk anlegg har garantitid på 25 år, forventa levealder på 30 år og er tent inn etter om lag halve garantitida i følgje Sæternes.

– Det er eigentleg eit enkelt reknestykke og ein treng ikkje vera idealist eller entusiast for å installere desse anlegga lenger.

Eit normalt tak tek 2-3 dagar å installere og både produksjon og levering til E-verket er på plass med ein gong.

E-verket på tilboddsida

Vang Energiverk tek i mot alle godkjende plusskundar på nettet sitt og har ei informativ nettside der alt ein kan lure på som konseptet får eit svar. 

– At effektetflyten i periodar vert snudd på hovudet skjerpar oss i planlegginga av distribusjonsnettet og er noko vi lyt ta høgde for framover, fortel Tor Martin Iversen, energiingeniør hjå Vang Energiverk.

Han tykkjer det er artig med teknologisk utvikling innanfor E-verket sitt arbeidsområde og fortel at dei nye AMS-målarane gjer det til ein enkel sak å mål produksjon og forbruk i samtid.

- På nedsida er sjølvsagt lågare inntening for e-verket frå plusskundane samt at det enkelte plassar vil vera naudsynt med forsterkingar på nettet i område med plusskundar, men samstundes eig vi jo også JotunKraft AS som står klar til å kjøpe krafta frå plusskundane, avsluttar Iversen.

God dialog

Jon Hålien i Høre samtykker i at e-verket verkeleg har vore på tilbodssida i prosessen mot å verta plusskunde.

– Sidan dette var fyrste private anlegget vart det nokre rundar med e-verket, men det løyste dei flott. Eg underviser i andre klasse på Valdres vidaregåande skule og Tor Martin frå e-verket har no vore innom i klassa for å gje elevane kunnskap om drifta deira, fortel Hålien.

Anlegget på garden øvst i Høresbygde har effekt på 12 kW og består av 36 panel.

– Det vert spanande å sjå kor mykje desse panela faktisk produserer og kva for miljøgevinst det vil gje. For min del kan eg også nytte erfaringane frå anlegget i undervisninga, samstundes som et tykkjer det er viktig å ta i bruk ny teknologi og vera framtidsretta.