Med tettpakka program og solid frukost var det mange som tok turen på Næringsfrukost tysdag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ser til Vang

– Mange ser til Vang

16. februar 2016

Nye bedrifter og initiativ var i sentrum på næringsfrukost i Vang tysdag. Nok ein gong med rekordoppmøte.

– Det er mange som syner interesse og ser til Vang om dagen. Dei fleste har hatt fått særs gode kandidatar til stillingane sine i høve jobbkampanjen, og vi i Innovangsjon er nesten dagleg i kontakt med folk som vurderer Vang, fortalde næringsutviklar Dag Inge Bruflot til dei godt over tretti frammøtte frå næringslivet i kommunen.

Nye bedrifter

På eit tettpakka program var nye bedrifter i Vang via særleg mykje merksemd. Vang industrivekst presenterte sine planar ved prosjektleiar Vegard Dalheim Rogn. Ellers vart fleten.net, Bjørn Olav Søndrol, VangsRiva, Dukk! og Vedøy IT kort presentert for næringslivet (Meir om alle desse bedriftene får du her på vangivaldres.no på eit seinare tidspunkt).

Oppdateringar frå ordføraren

– Det er artig å sjå alle som er innom Ungdoms-OL frå Vang og Valdres om dagen og hevar både arrangementet og eigen kompetanse, innleia ordførar Vidar Eltun sin del med.

Vidare kom han inn på vegutbygging, tilsetting av personell i kommunen, utfordringar og moglegheiter hjå E-verket, fiber-utbygging og mobil-dekning, før han sa nokre ord om næringsfondet.

– Det er no søkbart for alle dykk. Søknader går via Innovangsjon, men det er formannskapet som til slutt løyver pengar for fondet.

– Ta kontakt med meg i det dykk går i gang med søknaden. Det vert ikkje løyva pengar til vedlikehald, drift og generelle oppgraderingar - men det meste anna er innanfor, skaut næringsutviklar Bruflot inn.

Søknadskjema og informasjon om fondet kjem på Vang kommune sine heimesider og her på vangivaldres.no i løpet av veka.

10 år med Vinjerock

Denne sumaren fyller Vinjerock 10 år. I det høve var festivalsjef Julie Forchhammer på plass for å prate med næringslivet.

– Det er ikkje mi forteneste at Vinjerock har den unike plassen den har i sitt tiande år. Det er alle dykk. Kommunen har støtta frå dag ein, og mange av dykk som sit her har vore med like lenge. Sånn håper eg det held fram også dei ti neste åra, sa festivalsjefen. Det vart også avslørt at ho før helga kjøpte seg hus i Vang, noko som er eit godt prov på at ho trivast med sitt nye tilhøve. Ellers greia ho ut om ein del Vinjerock-fakta.

– Etter to år med underskot ser det ut som vi snur dette i 2015 og endar med eit greit overskot. Då er det viktig å hugse på at Vinjerock har ein idealistisk formålsparagraf som seier at ingen nokon gong han hente ut eit overskot frå festivalen, understreka Forchhammer. 


Det er for tida tre lønna årsverk i festivalen, men kun festivalsjefen som jobbar full tid. 

Tyin-Filefjell

Til slutt greia Hallgrim Rogn i Innovangsjon kort ut om bakgrunnen for Tyin-Filefjell-magasinet.


– Vi lagar magasinet for å gjera Tyin-Filefjell og Vang til ei endå sterkare merkevare. Det kjem alle som driv næring i Vang til gode. Og så er det viktig å hugse på at det ikkje er for å vera snill med korkje Innovangsjon eller TFU ein takkar ja til reklameplass her - det er for å markedsføre seg sjølv, fortalde Rogn.

Tyin-Filefjell-magasinet vert produsert av Innovangsjon på oppdrag av Tyin Filefjell Utvikling (TFU). Så langt har det vore ein stor utgiftspost for TFU, og ein gjer no grep for å sikre langsiktig horisont for magasinet.