Fullsizeoutput 14Fe
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Siste ledd i stort prosjekt for Vang Energi

Siste ledd i stort prosjekt for Vang Energiverk

15. august 2021
Vang Energiverk har sidan 2020 dreve eit stort prosjekt med å byggje strømforsyning til Syndin via Hugali og Langehage. Denne veka byrja siste ledd i å knytte saman Vang Energiverk og Valdres Energiverk sine nett.

- Prosjektet har pågått frå oppstart av bygging ved Hugali våren 2020. Det har vore eit stort prosjekt som me no nærmar oss slutten på. Dette er siste ledd i å knytte dei to nettene saman, seier Tor Martin Iversen, energiingeniør ved Vang Energiverk. 

Vang Energiverk byrja med linjebygging frå Hugali til Rognstølen våren 2020, vidare til kabelgraving langs Hugastølvegen, sumaren og hausten 2020. Etterfulgt av linjebygging ved Alaskogen vinteren 2020/2021, og kabelgraving langs vegen i Langehage og Alaosen sommeren 2021, samt på Kviissyndin.

- Sjøkabelen me no legg frå Langehage og over til Kviissynding er siste ledd for å knytte dei to nettene saman. Me forventer at dette blir ganske snart i hast, smiler Iversen. 

 

Kan koble på nye hyttar 

Det er ikkje utan grunn at Vang Energiverk no byggjer strømforsyning til Syndin. Dette vil nemleg gje effekt for hytteområdet i Kvissyndin.

- Den største effekten frå sjøkabelen er at nye hyttar no kan koblast på nettet. Dette har ikkje vore mogleg på grunn av kapasitetsbegrensningar i dagens tilførsel. Stølar og bestående hyttar i området frå Hugali via Langehage kan også få moglegheit til å koble seg på når hovedforsyningen er ferdig, seier Iversen. 

Han fortel at både Valdres Energiverk og Vang Energiverk dreg nytte av sjøkabelen som no vert lagt. 

- Redundant forsyning begge veger er svært bra ved eventuelle feil. Hyttane ved Syndin i Vang kommune er i dag forsynt frå Valdres Energi sitt nett frå Vestre Slidre, sidan 2007, legg han til. 

 

 

Største sjøkabelen i Vang

Det er ingen miniatyrkabel som no vert lagt mellom Langehage og Kviissyndin. Sjøkabelen er 1750 meter lang, inkluderar fiber og veg 6,2 tonn inkludert kabeltrommel.

- Dette er den største sjøkabelen me har lagt i Vang. Me har nokre sjø - og fiberkablar i Tyinvatnet, dei er endå lengre, men har ikkje like stor kapasitet som denne, seier Iversen. 

- Vanlegvis sett me av fleire dager for å legge ein så stor kabel, men no har me sett av ein dag. Det er ein stor jobb å utføre på kun ein arbeidsdag, men me har svært flinke folk med oss, smiler han. 

Og med kun ein arbeidsdag til å utføre eit så stort prosjekt, må det flinke arbeidsfolk til. 

- Firmaet CE Pontoppidan. Carl Erik Pontoppidan og tre mann var tilstades med flåte og dykkarutstyr for å sørge for at kabelen vert plassert korrekt under vatnet, seier Iversen. 

Vang Maskin med Geir Egil Berge, Bergheim Transport AS med Sindre Skoglund Johannessen og Vang Energiverk var på Langehage for å utføre arbeid.

- På andre sida av vatnet ved Kviissyndin var Hemsing Maskin med Kai Rune Hemsing, og fleire ansatte frå Vang Energiverk, legg Iversen til.