Det vert mange og lange dager ute for Øyvind Ekerbakke Stende denne seinvinteren - han har flytta til fjells og blir der på ubestemt tid.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sjølvpålagt fjellkarantene

Sjølvpålagt fjellkarantene

25. mars 2020

Det var kjensla av alltid å vera på som fekk Øyvind Ekerbakke Stende til å bestemme seg for å logge av ein månad på stølen. At opphaldet var planlagt frå same helga Norge vart virus-stengt, vart eit lykketreff. 



– Det var jo tilfeldig, men eg vil jo seie det ikkje kunne pass stort betre når alt var ferdig planlagt. I utgangspunktet var det draumen om å stike av som dreiv meg, men no er også tryggleik eit del av det då smitterisikoen i fjellet her er lik 0, fortel Øyvind Ekerbakke Stende.

Han er ein liten tur nede att i Øvre Dalen når vi får tak i han. Turfølget i starten av opphaldet var blitt småsjuk, og opplegget er ikkje strengare enn at helse sjølvsagt går fyrst.

Kjenne på keisemd

Sjølv omtalar han planane som ei snikande trettiårskrise som tok form i hovudet gjennom hausten og vinteren.

– Eg kan ikkje seie kor leie eg er av sosiale medium og å vera tilgjengeleg døgnet rundt heile veka, eg treng verkeleg ein «digital detox» som dei kallar det. Hovudmålet no er å berre eksistere og kjenne på kjensla av å vera ute mykje. Samstundes er det ei god utfordring i det å gjera keisemd til min beste venn, fortel Stende.

I praksis høyres kanskje ikkje kvardagen direkte keisam ut, då utelivet er av temmeleg høg kvalitet i området ved Øyangen aust for Tyin og nord for Øvre Dalen i Vang.

– Fisking vert det sjølvsagt mykje av. Ellers er skiturar, teltovernattingar og så mange timar ute som mogleg kvar dag, planen.

På ubestemt tid

Nokon fast sluttdato på prosjektet har han ikkje sett, og sånn situasjonen er no blir han lenge til fjells.

– Fyrste veka har bydd på mykje av det eg såg for meg, eg set pris på både kalde nette, kraftige vindkast og strålande sol. Akkurat no gleder eg meg berre til å koma opp att og halde fram.

Stende er også klar på at risikoen ved prosjektet vart vurdert både ein og to gonger før han sette i gang.


– Dette er heimfjella mine der eg kjenner kvar ei fonn og skavl. Sjølv om eg er kopla av i fjellet har eg når som helst moglegheit til å koma i kontakt med folk om det vert naudsynt. Ellers er det kort veg ned att om noko skulle dukke opp, og det at vi tok turen ned att nå ved sjukdom syner at vi tek situasjonen nasjonalt på alvor - dette prosjektet er for min eigen del og skal ikkje belaste andre avsluttar han.

Om situasjonen roar seg til sommaren er planen å framleis bruke mykje tid i området. Då er det fiskeguiding saman med broren Åsmund gjennom selskapet Jotun Fishing som gjeld.