Nyheit

Snart opnar utstyrssentralen i Vang

  Nyheitsarkiv
22. okt 2020
  • Litt blury men blide! Frivilligsentralen, Lund arbeidsbase, Frisklivssentralen, Vang læringssenter, Vang folkebibliotek, VBU og etatsleiinga både på helse/omsorg og oppvekst/kultur/integrering er bland dei som er engasjert i arbeidsgruppa for å få BUA Vang i drift.
  • Khosro er ein av dei frivillige som har bidratt mykje – han har beisa heile lokalet innvendig, måla ytterdørene og montert hyller. 
Utlån av utstyr og verktøy

No er det ikkje lenge før både ungar, ungdom og vaksne kan låne utstyr til idrett, friluftsliv og tur – samt litt verktøy – heilt gratis! 

Konseptet heiter «BUA Vang» og er ein del av det nasjonale BUA-nettverket. Lokalet ligg sentralt plassert i Vang sentrum, i det kvite huset som ligg mellom Drengestøga og Vangsheimen. 

– Det jobbast iherdig av ein god gjeng med å få på plass denne utstyrssentralen i Vang, fortel Marte Tangen, dagleg leiar ved Vang frivilligsentral. 

Med på laget har frivilligsentralen mellom andre Vang læringssenter, VBU, barnehagane, mottakssenteret og frisklivssentralen, som har hjelpt til å vurdere kva slags utstyr som trengst. 

– Her har også ungdomsrådet vore ein viktig sparringspartner, dei har kome med mange gode innspel til kva som kan appellere til ungdommen, fortel Tangen.

Bygger opp utvalet

Lokalet har dei siste åra fungert som lager, det er no tømt, vaska og beisa lyst innvendig mellom anna med god hjelp frå frivillige. No gjenstår å få på plass meir interiør - og utstyret såklart.

– Her vil ein kunne låne både ski og syklar, telt, soveposer og liggeunderlag, hengekøyer og slakkline, fiskeutstyr, sparkesyklar, akematter og mykje mykje meir. Verktøy som ein treng skjeldan og som er dyrt å kjøpe inn er også på lista.

Sparebankstiftelsen DNB løyvde før nyttår 100.000,- til utstyr, og med det får BUA ein veldig god start. Vinjerock låner og ut noko av sitt utstyr slik at det blir brukt meir enn berre ein gong i året.

– Ikkje alt kjem til å vere på plass frå opning – her må vi bygge opp sortimentet litt etter litt, og det vil vere gode moglegheiter for å påvirke kva som blir kjøpt inn etterkvart, fortel Tangen. 

Saman om drifta

Frivilligsentralen har altså hovudansvar for å drifte BUA, mens Vang folkebibliotek også kjem til å vere involvert i utlånet.

- Arbeidsbasen på Lund, Læringssenteret og fleire vil bidra til arbeidet. I tillegg vil vi rekruttere frivillige som ønskjer å bidra, fortel Tangen.

Ho ser for seg dei treng hjelp med ulike oppgåver frå vedlikehald av utstyret, promotering, aktivitetar eller administrasjon.

– Om det finst frivillige der ute som ønskjer å bli med i BUA-gjengen: ta gjerne kontakt, avsluttar Tangen.

Sjølve nettsida med utstyret og mogelegheit for å registrere seg som lånar blir publisert først når utstyret er på plass. Har du spørsmål eller ønskjer å engasjere deg? Kontakt Marte på frivilligsentralen på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73