Ordstyrar Eli Belsheim i samtale med Siv Anita Katevoll,  Tor Jørstad og Elisabeth Øraker.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sofasamtale

Ærleg bygdediskusjon på biblioteket

17. november 2016

 Sofasamtalen om korleis det eigentleg står til i Vang trakk mellom 60 og 70 til Vang folkebibliotek onsdag kveld. Det vart personleg og ærleg om sterke og svake sider ved bygdesamfunnet vårt.

– Eg synest paneldeltakarane har vore veldig modige, dette er eit litt betent tema og det kostar å vere ærleg om korleis ein opplev ulike stemningar i bygda si, seier Marte Tangen i Vang Frivilligsentral.

Saman med biblioteket og Innovangsjon arrangerte ho samtalekvelden der Eli Belsheim var ordstyrar. Siv Anita Katevoll, Elisabeth Øraker og Tor Jørstad utgjorde samtalepartnarane i sofaen.

– Det gjer jo litt inntrykk når ein ser at dei byr på seg sjølv og sine tankar om ting som det er vanskeleg å snakke om. Og dei klarte fint å balansere debatten mellom det som er positivt i Vang og det vi alle kan jobbe meir med, seier Tangen.

Etter debattslutt held samtalane fram mellom publikum over kaffikoppen i ein god time etterpå.

– Eg er glad for at vi kan vere med på å få stemmene til 'vanlege folk' fram i lyset, og eg opplevde i samtalane etter debatten at det vart sett i gong mange tankar hos publikum. Eg trur det er stort behov for å møtest på denne måten og drøfte ulike tematikkar, og at så mange møter opp og set pris på det vi gjer gir oss mot og energi til å halde fram med slike arrangement, seier Tangen.