Parwes er ein av gutane som ønskjer hjelp for å klare sertifikatet.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Søker leksehjelparar og øvingskøyrarar

Vang frivilligsentral søker leksehjelparar og øvingskøyrarar

13. august 2019

Parwez, Emran og Kabid er ungdommar frå Afghanistan, busett i Vang og elevar ved Valdres videregåande. Saman med fleire andre busette flyktningar står dei i kø for å øvingskøyre!

- Er du ein tålmodig og trygg vaksen, med ein time til overs no og då? Vi kan love at å bli med på øvingskøyrimng er givande, morosamt - og ikkje minst gir det litt spenning i kvardagen! seier dagleg leiar på frivilligsentralen, Marte Tangen. 

Du må vere over 25 år og ha hatt lappen samanhengande dei siste 5 åra, men du treng ikkje disponere din eigen bil - frivilligsentralen har bil til øvingskøyring som de kan bruke.

- Å ta lappen er ein viktig faktor for å kunne bu og jobbe i Vang. Vi er veldig glad for å ha mogelegheiten til å hjelpe busette flyktningar med denne utfordringa – til saman har 5 personar tatt lappen etter å ha øvingskøyrt med våre frivillige og bilen vår. Timar ved køyreskule kjem sjølvsagt i tillegg, og våre frivillige har fått rettleiing frå køyreskule for å drive med mengdetrening. 

Lekseklubb i fare

I eit år har vi det også vore ein velfungerande lekseklubb på biblioteket/frivilligsentralen i Vang, og det er om lag 10 ungar som kjem kvar tysdag for å gjere lekser. Vi manglar no 3 leksehjelparar for å få til ein god turnus, så vi håper det melder seg nye frivillige raskt så vi kan få i gang klubben når skulen om kort tid startar!

Guro Hovda har vore leksehjelp i fleire år, og anbefaler oppdraget på frivilligsentralen sin facebookside: - Dette er en trivelig og nyttig aktivitet! Jeg har vært med noen år, - først som leksehjelp for en, og nå sist i lekseklubb. Absolutt overkommelig med en time hver tredje uke! Du både gir og får.

Vil du bli frivillig? Kontakt frivilligsentralen på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73, eller kom innom Marte på Vangstunet.