Fleire store løft innan landbruk, utvikling i eksisterande næringsliv og noko nyetablering har syta for at Innovasjon Norge har vorte nytja aktivt i Vang dei siste åra. Foto: Vegard Breie
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stor satsingsvilje i Vang

Stor satsingsvilje i Vang

25. februar 2020

Over tretti millionar kroner er gjeve i tilskot og lån frå Innovasjon Noreg dei siste fem åra.

- Vi har god breidde i satsingane i Vang i Valdres dei siste åra der mange innan landbruket har modernisert, fleire av hjørnesteinane i næringslivet har satsa og nokre spanande nykommarar har kome til, fortel Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon.

Han har vore i jobben som næringsutviklar for Vang sidan hausten 2015 og følgjer både dei aller minste og dei aller største som ynskjer å satse tett.

Stort mangfald 

Også på omsetning ser ein att ei offensiv haldning hjå det private næringslive ti Vang. For registrerete AS i Vang auka omsetninga frå 363 millionar i 2914 til 592 millionar i 2018.

- Dette er formidabelt og har ei viktig oppside med fleire jobbar i omløp. Det byrjar vera greit mangfald i typen jobbar som både er på marknaden og som er aktuelle her, fortel Bruflot. 

Ein del av jobben er å fange opp signal frå næringslivet om kva som er viktigst no og fram i tid. I så måte er Bruflot godt nøgd med nye retningslinjer frå Innovasjon Norge. 

– «Bygdenæringar» er eige tema hjå Innovajson Norge no og kombinert med at vekst og skalering er prioritert gjev dette mange i Vang høve til å satse. Eg ser få begrensningar i høve moglegheiter og det er mange gode eksempel frå særleg landbrukssektoren dei seinare åra. 

Lokalt næringsfond - viktig brikke

I 2016 vart det lokale næringsfondet fasa inn att med ein million kroner disponibelt årleg, samt eit næringsstipend til unge etablerarar på kr. 10.000. Lokale bankar er også som regel ei viktig brikke for bedriftene. 

Av dei vel fire millionane som er delt ut sidan då har ti unge gründerar fått 10.000 kvar. I underkant av 600.000 har gått til opplevingar, kultur, Kongevegen over Filefjell og liknande, mens i underkant av ein halv million har gått til prosjekt retta mot meirverdi på gard.



– Volumet også hjå næringsfondet har gått til solide bedrifter i Vang som ser ein moglegheit til å vekse og tilby fleire arbeidsplassar. Dei har då både det lokale næringsfondet og verkemiddelapparatet til Innovasjon Norge å spele på, så det er absolutt mogleg å lukkast for den som vil noko i Vang, meiner Bruflot.

Regelen i Vang er at søknader til næringsfondet der formannskapet fordelar midlane skal via næringsutviklar.



- Anten det er nye bedrifter, enkeltpersonforetak eller investeringar i større bedrifter er det ei grei øving å sjå større på det ein skal i gang med og prøve å hente finansiering også nasjonalt.

Sit du med eit ynskje om å utvikle bedrifta? Eller starte noko nytt? Kontakt næringsutviklar for Vang, Dag Inge Bruflot daginge@vangivaldres.no // 958 73 757

Følgjer opp initiativ

Som næringsutviklar i Innovangsjon er arbeidskvardagen fyrst og fremst tett oppfølging av bedrifter i Vang som ynskjer å utvikle seg. Det betyr lite tid til kaffeslabberas og reine høfflegheistvisittar og mykje tid til å følgje opp initiativ

– Vi lyt vera smarte med ressursar og tidsbruk. I praksis betyr dette at nokon næringsdrivande i Vang som driv stort og stødig ikkje ser mykje til meg, men eg garanterer at eg er på plass i løpet av kort tid når ein fyrst tek kontakt. Det er greit å understreke at det ikkje lyt vera storsatsing eller utvikling før ein tek kontakt med meg, eg bruker mykje tid på problemløysing, rådgjeving, kjernedrift, strategiar, organisering og bemanninngsspørsmål gjennom året, seier Bruflot.

Elles oppmodar han om å møte på næringsfrukost og alle relevante møteplassar både lokalt og regionalt.

- Nettverket rundt deg har mykje å seie for om du når måla dine og vi kan bidra med å finne dei rette folka og bedriftene å spele på saman med resten av næringslivet i regionen.