Beitedyra i Vang er på veg ned frå fjellet i desse dagar, mellom anna kælveflokken til Smådalskjøtt. Foto: Ida Ask
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stort utval kvalitetskjøtt

Stort utval kvalitetskjøtt

16. september 2019

Haust er mathøgtid i Vang og det har aldri vore meir å velje mellom for den som vil kjøpe kjøtt lokalt. 


– Det ser ut som det har vore ein god beitesommar i Smådalen og på Helin så her snakkar vi kvalitet av aller beste merkje rett frå fjellbeite i Vang, fortel Siv Anita Katevoll.

Saman med sambuaren Torgrim Grøv driv ho Smådalskjøtt som sel kalvekjøtt og viltkjøtt til privatpersonar og serveringsstader.

– Det er no det meste skjer og trøkket er temmelig bra. Mange ynskjer forbrukerpakningar der alt er skjert ned og pakka i fornuftige storleiker for middag, men vi sel også heile og halve dyr til den som ynskjer det, men då byrjar det vera travelt med å leggje inn bestilling, fortel Katevoll.

Smådalskjøtt sel kjøtt både gjennom nettside, facebookside og direkte kontakt (Tlf: 957 22 135)

Mange lokale

Stadig fleire lokale har teke heilt eller delvis kontroll over salet frå eigen produksjon, noko som gjer det lett for bygdefolk og hyttegjester å fylle frysaren.

– Vi har også nokre som er ute i butikk med produkt, men det er småskala og direktesal som dominerar i Vang så her gjeld det å vera litt aktiv som forbruker for å skaffe seg kjøtt for vinteren, fortel næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

På nettsida vangivaldres.no er oversikten over alle med eigne merkevarar i Vang samla (manglar det nokon? tips hallgrim@vangivaldres.no). I tillegg sel dei fleste sauebønder lam direkte om du tek kontakt.

– Dette er også tida for å bestille rakfisk, pinnekjøtt eller andre godsaker til jul. Det er greit for både kunde og produsent med alt som vert landa tidleg, seier Bruflot.

Parteringskurs i oktober

Det er fleire udiskutable fordelar med å handle kjøtet sitt lokalt anten det er kvalitet, næringsverksemd i Vang eller miljøet som veg tyngst. 

– Det aller viktigaste oppi dette er at ein som forbrukar veit kvar kjøttet kjem frå. Med kjøtt frå Vang veit ein at dette er dyr som har beita i fjellet og hatt det så godt som mogleg, noko som gjev ein ekstra dimensjon til måltidet anten det er kvardags- eller festmiddag. For å gjera fleire i stand til å kjøpe direkte vert det parteringskurs i slutten av oktober, fortel dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

To blad Solemsli står for det praktiske kring kurset der Jon Helge sel lam frå eiga besetning, mens Leif er fagmannen på nedskjering og held kurset.

- Det vert ei god pakke! Når ein melder seg på kjøper ein også eit heilt lam og i løpet av kvelden vert du guida gjennom nedskjering og pakking av dyret - og kan reise heim med kjøt klart for matfat eller fryser, fortel Rogn.

Meir om parteringskurset kjem i løpet av denne veka.