Kvamskleiva_juli (15 of 18).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stortingsbesøk i Kvamskleiva

Stortingsbesøk i Kvamskleiva

03. juli 2019

Tor André Johnsen frå Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget var saman med aksjonsgruppa og fleire viktige støttespelarar på plass i Kvamskleiva onsdag.

– Du vil vel vera den som kan seie at «vi» bygde ut Kvamskleiva, avslutta ordførar Vidar Eltun si innleiing med på Mjøsvang kafe der gjengen var samla til lunsj og diskusjon.

Akkurat det kunne ikkje Johnsen love, men han var raus med tips til korleis ein skal jobbe for raskare gjennomføring av Kvamskleiva.

– Det er svært vanskeleg å få gjennomslag for prosjekt utanfor Nasjonal Transportplan så nøkkelen er breitt engasjement. Få med Vestlandet, store næringsaktørar, NHO og andre organisasjonar og få samarbeidspartia våre i regjering også oppover, sa Johnsen.


Han meinte det var realistisk å framskunde utbygginga med tre år dersom ein fekk full klaff i dette arbeidet.

- Det kjem til å lausne, berre held fram det gode arbeidet.

Både Oppland Arbeiderblad og Avisa Valdres var på plass og dekka dagen godt - følg med på nett og papir i dagane som kjem.

Tydeleg frå Vegvesenet

Frå Statens Vegvesen var Therese Høy på plass og ho var tydeleg på kvifor dette var eit viktig prosjekt.

– Det er meir enn den akutte rasfaren vi er opptekne av. Det er problem med utforkøyringar, ras og trafikkflyt over heile strekninga som ligg i prosjektet, fortalte Høy.

Ellers nemnde ho ising på vinterstid og fleire krevjande svingar for modulvogntog som til saman gjer noverande strekning både krevjande for bilistar og Vegvesenet.

– Vi har bukt 6,2 milliardar i regionen dei siste åra og det vert mykje god veg i Valdres. Då framstår Kvamskleiva som ein uforståeleg propp. Kvamskleiva vil fungere som Plumbo for trafikken gjennom Valdres og vi kan gjerne dytte folka som no byggjer Bagn-Bjørgo rett på dette prosjektet om finansieringa kjem, fortalte Høy.

Det var semje rundt bordet om at ein ikkje fekk korkje nasjonal eller regional utteljing for investeringa i veg så lenge proppen Kvamskleiva stod att.

Breitt engasjement

Dei ulike næringsaktørane kom med fleire innspel gjennom diskusjonen etter presentasjonane.

Mellom anna vart kontakten mellom Mjøsområdet og Vestlandet dratt fram som eit viktig poeng frå næringsaktørane til stades.

Ved sidan av to representantar frå Frp var Jvb, Statens vegvesen, Norges lastebileieirforbund, politiet, Valdres brann- og redning, aksjonsgruppa for Kvamskleiva, rådmann, ordførar, Visit Valdres, Oppland Arbeiderblad, Avisa Valdres og Innovangsjon var på plass.

Opplegget vart avslutta med ein rusletur frå Gamle Kvam til Neset via Kongevegen over Filefjell der ein fekk god oversikt over det mest problematiske strekket i prosjektet.