Nyheit

Strandryddeveke i heile Valdres

  Nyheitsarkiv
15. sep 2020
2000 kroner i potten - container ved Coop Fjellvang

Aksjon Aqua – Reine Vatn i Valdres legg til rette for Årets Strandryddeveke 14. -20. september og  Strandryddedagen den 19. september.

I Vang kommune blir det sett ut konteinar utanfor Coop Fjellvang i Vang sentrum.  Ryddepakkar med hanskar, vest og søppelposar kan du hente ut på servicetorget til Vang kommunehus.

– Ca. fire tonn handplukka søppel vart fjerna frå vassdraga under Strandryddeveka i 2019, fortel Torkjell Haugen, prosjektkoordinator i Valdres friluftsråd.

Meir om premiar og opplegget hjå Valdres.no eller på  Facebook-gruppa Aksjon Aqua - Reine vatn i Valdres.