Vinjerock. Foto: Bendik Hassel
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Temakveld klima

Temakveld: Klima i endring - kva gjer vi med det?

12. mars 2019

Onsdag 20. mars kl. 19 vert det temakveld om klima på Vang Folkebibliotek. På programmet står innleiarar frå miljøstiftelsen ZERO, berekraftsdirektør i Gjensidige og ordørar i Hamar kommune. Deretter følgjer ei panelsamtale med ordførarkandidatar og listetoppar i Vang kommune.

Korleis kan bra klimaleiing i både kommune, næringsliv og hjå private gjere regionen betre rusta til å takle utfordringane som klimaendringane gir oss? Dette er spørsmålet som vert reist under temakvelden.

Innleiarar

Berekraftsdirektør i Gjensidige, Bente Sverdrup, sparkar i gang temakvelden. Klima og miljøkonsekvensane har allereie innverknad på oss i forsikringsbransjen med større skader frå storm, flaum, skred og tørke. Bente vil prate om korleis dei planlegg å møte desse nye utfordringane på best mogleg vis.

Rådgjevar i Miljøstiftelsen ZERO, Jenny Skagestad, vil med utgangspunkt i ZERO si sjekkliste for kommunale klimatiltak prate om korleis ein kan setje klimaarbeid i system i norske kommunar. Sjekklista inneheld ei eiga liste med konkrete tiltak som bør vere aktuelle fram mot neste kommuneval, seier Skagestad.

I Hamar kommune er dei godt i gang med å tenkje heilskapleg klimaplanlegging i den daglege drifta. Dei har mellom anna sett seg som mål at alle kommunale køyretøy skal vere elektriske innan 2021, og dei har utarbeida klimaregnskap og klimabudsjett. Ordførar i Hamar kommune, Einar Busterud, rundar av innleiingane med å fortelje om korleis Hamar jobbar med klimatiltaka.

Panelsamtale med ordførarkandidatane

Etter ei pause med kaffi og kringle, stiller haustens ordførarkandidatar/listetoppar til panelsamtale om temaet: Vidar Eltun (AP), Torstein Lerhol (SP), Erlend Eggen (MDG) og Leif Solemsli (Bygdelista). Samtala vert moderert av Gro Lundby.

Festivalsjef Julie Forchhammer i Vinjerock, ei av initiativtakarane til møtet, er spent på å høyre kva moglegheiter dei ser i kommunen og regionen vår, og gler oss til ein inspirerande og konstruktiv kveld.

Arrangør: Vinjerock, Gjensidige Valdres og Vang Frivilligsentral

Velkomne skal de vere, alle saman!