Thea Tennefoss Hovda syr unike barneklede på bestilling under merkenavnet «Drømmesøm by Hovda»
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Thea (21) satsar på «Drømmesøm byHovda»

Thea (21) satsar på «Drømmesøm byHovda» 

21. januar 2021

Etter å ha kvalitetessikra produkta på tantebarna har Thea Tennefoss Hovda tatt steget frå hobby til næring under merkenamnet «Drømmesøm byHovda». 

– Eg har eigentlig sydd heile livet, og målet når eg var liten var å flytte til London eller New York og sy klede. No går eg på lærarutdanninga på Hamar og har vel heller eit mål om å ende opp i Valdres att, men det er artig å sjå at det er interesse for det eg lagar, fortel Thea Tennefoss Hovda. 

I løpet av ei veke i drift har det kome inn 17 bestillingar på unike plagg folk ynskjer at Thea skal sy til dei. 

– Det starta med at eg fekk tantebarn for nokre år sidan, og det har vorte mange plagg til dei etter det. Fleire har meint eg burde gå i gang med å selje klede, og etter denne velkomsten ser det ut til å vera ein marknad for skreddarsydde barneklede.

Skreddarsaum

Dei som kontaktar Thea har gjerne ein tanke om kva dei vil ha og finn det kanskje ikkje i nokon butikk. Kombinert med ein kvalitet som heller ikkje er å finne i butikk, ser Thea ei nisje.

– Eit spesielt plagg til ei spesiell hending er utfordringar eg elskar å finne ei løysing på. Elles er det baby- og barneklede med personlig touch og god kvalitet dei fleste bestillingane går i.

Med ny symaskin på plass vart systua er etablert i den tidlegare frisørsalongen til mor Inger Anita i løpet av romjula. 

– Her det bra belysning, godt om plass og veldig greit å sleppe å rigge opp og ned kvar gong ein skal i gang med eit prosjekt.



Eigen Facebook- og Instagram-side er oppe og gå, noko ho styrar sjølv med stø hand. 

– Eg jobbar også hjå Line på Tyinkrysset Fjellstue ein del, så der har eg ein god mentor på marknadsføringsbiten. På sikt kan det både vera aktuelt å sy opp eit lager å ha for sal, eller nytte andre kanalar, men enn så lenge er det nok å følgje opp alle bestillingar.

Travel heimestudent

Eigentleg går Thea på allmennlærarutdanninga på Hamar for tida, men etter 13. mars har ho kun vore eit par gonger på skulen. 

– Alt skjer på nett, men eg hadde heldigvis vore student ei stund før det small så vi i 
klassen er aktive på facetime mellom forelesningar og samarbeider mykje om skulearbeidet.

Ved sidan av studiane jobbar Thea ein del på Tyinkrysset Fjellstove, samt tredje kvar veke på sjukeheim på Hamar. Inn i mellom dette har ho no sett av tid til å rulle ut eigen bedrift. 

– Eg likar at det skjer noko heile tida, så det går fint. Det er klart, planen var ikkje å bu heime no og betale på leilegheit på Hamar samstundes, men sidan det er for ei gjett periode er de greitt.

Om Thea er lærar, arbeidar med saum eller noko heilt anna om ti år, veit ho ikkje. Men ho ser gjerne ei framtid i Valdres.

- Det er i alle fall temmeleg sosialt som ung i Vang om dagen der mange møtast både i helger og i jula på Tyinkrysset fjellstove. Det er elles inspirerande å sjå at fleire av dei på min alder går i gang med eigne bedrifter om dagen, det syner at det er moglegheiter her i dalen.