simen almås.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv «Tilbake til livet»

«Tilbake til livet»

23. april 2019

Simen Almås vart livtruande brannskadd som 13-åring. I 2011 overlevde han også 22. juli-tragedien. 2. mai kjem han til Vang for å dele si historie.

Foredraget «Tilbake til livet» er eit inspirasjonsforedrag om korleis møte og takle utfordringar i livet, med fokus på psykisk helse. På formiddagen vil ungdomskuleelevane i Vang få møte Almås, og kl 18 er det foredrag for alle andre som vil høyre denne sterke historia.

Livsskakande hendingar

I 2007 vart Almås 49% brannskadd i ei eksplosjonsulykke. Han måtte ligge 12 dagar i koma, og skadane baud naturleg nok på store utfordringar for ein ung gut, både fysisk og psykisk.

- Det å være «annerledes» og «svak» gjør mye med ditt eget selvbilde, selvtillit og rolle i det sosiale liv. For meg var livet svart i 2-3 år, før jeg kom meg videre, seier Simen. I 2011 drog han på politisk sommerleir på Utøya, og kom seg overlevande frå også den tragedien.

Almås har opplevd to livsskakande hendingar, korleis har han eigentleg takla desse utfordringane? Gjennom å dele sitt perspektiv på livet og dei verktøya han har tatt i bruk for å snu livet sitt frå negativt til positivt, ønskjer han å løfte opp dei som slit psykisk eller dei som treng eit fokusskifte.

Relevant for alle

Tommy Stordal leier etat for oppvekst, kultur og integrering, som arrangerer foredraget. Han seier han gler seg til foredraget;

– Psykisk helse og livsmeistring er eit viktig fokusområde både nasjonalt og i Vang. Foredraget til Almås er eit viktig bidrag inn i satsingsområdet «SmartOppvekst», kor ein del av målsettinga vår er å «utvikle eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø, med robuste barn og ungdom som taklar medgang og motgang».

Ungdomskuleelevane sitt foredrag på formiddagen vil i hovudsak handle om korleis handsame livsutfordringar, kropp, sjølvbilete, livsglede og motivasjon. I kveldsforedraget går Almås meir inn på det å møte ungdommar som slit psykisk eller går gjennom tøffe hendingar, korleis ruste ungdom til å takle utfordringer, og korleis vi kan oppnå større openheit mellom ungdom og vaksne.

Simen Almås er berre 25 år, og er ein som særskilt barn, ungdom og unge vaksne kan relatere seg til. Rektor ved VBU Tor Nordaas håper mellom anna mange foreldre tar turen til auditoriet denne kvelden;

- Vi vil alle møte større eller mindre utfordringar gjennom livet. Det er vår eiga evne til å takle desse utfordringane som er avgjerande for korleis vi kjem oss gjennom dei. Simen har takla større utfordringar enn dei fleste av oss vil møte, på ein mildt sagt imponerande måte. Simen si historie er til stor inspirasjon!

Vel møtt i auditoriet på VBU torsdag 2. mai kl 18.00. Foredraget er gratis og ope for alle.