Eli Belsheim trivst godt i rolla som turistvert og har nett teke i mot dei fyrste gjestane i den nyopprusta Olavstøga på garden Sørre Ellingbø i Vang sentrum.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tilbyr unike opplevingar

Tilbyr unike opplevingar

15. september 2020

Få dagar etter ferdigstilling av bustadhuset Olavstøga frå 1840 på Sørre Ellingbø var tingingar for halve september i boks.

– Det tikka inn ei ny bestilling i stad faktisk, og då runda vi 50 % belegg i september. Det lyt vera ein god start, fortel Eli Belsheim.

Etter eit maratonløp med opprusting frå i fjor haust vart Olavstøga altså klar for å ta i mot dei fyrste gjestane 1. september.

Pussa ned 850 spiker

Det var eit omstendeleg arbeid dei tok til med i fjor der det meste løysast på tradisjonelt vis samstundes som resultatet skulle vera lettbudd og vinterisolert. 



– Leif Solemsli dukka opp med ei kasse med om lag 1000 gamle spiker. Dei var litt for lange, så då fann fattern kårkallen fram vinkelsliper og kutta dei vi trengte; 850 stk. Etter det vart det eit eddikbad på alle før dei vart pussa ned. Eit heftig arbeid, men når ein ser resultatet er det verdt det.

Nede er stove og kjøkken, mens det er bad og soverom oppe. I alle rom dominerer det gamle, og det som er nymåla eller moderne er nøye utvalt til å passe inn i bygget. Eit sånt prosjekt utfordrar også handverkarane som lyt innfri moderne krav og samstundes halde på stilen.

– Vi lyt verkeleg skryte av snikkarane Helge og Jon Helge Remmen som har løyst alle små og store utofrdringar gjennom prosjektet på beste måte og med godt humør. Det er mykje verdt når ein står djupt nede i eit prosjekt som dette over såpass lang tid. 

Elles har Elektromontasje og Vang rør stått for el og vatn. Nils Harald Heen har levert kjøkkeninnreiing, mens Monter Kvismoen har stått for byggevarer. Også speisalhøvla listverk til karmane og restaurering av dei gamle omnane er løyst av lokale.

Utnyttar ressursane 

I botn for satsinga ligg eit ynskje om å byggje ut næringsgrunnlaget på garden på ein måte som passar Eli og mannen Eivind Magnus.

– Eg trivst med å drive utleige og vera i dialog med gjestar. Då vart dette eit naturleg steg å ta. Olavstøga har på mange måtar vorte ein driftsbygning med ein viktig funksjon for heilskapen på garden, fortel Eli. 

Ho jobbar ved sidan av som lærar ved Vang barne- og ungdomsskule og trivst godt med å kombinere dette med gardsarbeidet. Mannen Eivind Magnus Ellingbø driv jorda på garden, deltek i drifta av Vang fellesfjøs og jobbar som ambulansearbeidar ved sidan av.  

– Opphavleg tenkte vi å byggje om fjøset her på garden til eit sauefjøs, men det var feil tid å investere i ombygging for sauehald då vi ville i gang. No er det på is og vi ser om det kanskje vert andre dyr i fjøset. Vi er no i gang med eit løp mot det å verta «Inn på tunet»-gard, noko som passar både med den andre drifta og med kompentanse og interesser vi har.

Restaureringa av Olavstøga er stort sett finansiert sjølv, men både Vang kommune og Innovasjon Norge har sett verdien i prosjektet og bidrege med midlar. 

Fullt sæl på stølen

Ellingbø gard er nyslått medlem i bedriftsnettverket Kongevegen over Filefjell og har hatt ein travel sumar på stølen, der det er ei lita hytte til utleige.

- Det var heilt stille til litt ut i juni, så smalt det. Gjennom heile stølssesongen hadde vi fire ledige netter, fortel Belsheim.

Nokre ynskjer berre å ta det med ro. Andre deltek aktivt i stølsdrfta, mens andre flyg rundt i fjellet. 

- Vi har merka oss at mange ynskjer å veta alt dei kan gjera, men når dei fyrst er her så tek dei livet med ro. Vi har også mange  med born og ungdom i huset som aktivt veljar stølsferie hjå oss på grunn av at det ikkje er straum og internett tilgjengeleg noko som betyr lite skjermtid og mykje familietid.

Det er framleis ein del nokre overnattingar på stølen og dei håpar dette også kan vera eit eksotisk tilbod på vinteren. 

– Det var nokre helger i fjor med vintergjester og målet å auke dette litt i år. Sjølv om volumet aldri vil bli det største der inne på vinteren er det saman med tilbodet i Olavstøga ei viktig brikke i det å snikre saman årsverket her på garden. 

Både hytta ved Helin og Olavstøga nede i Vang sentrum kan du booke via post@ellingbogard.com - eller direkte på AirBNB om du trykker på lenkene.