Sølvi Og Ingegjerd
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tradisjonar, teknikkar og verdiar i husflidslaget

Tradisjonar, teknikkar og verdiar i husflidslaget

08. november 2022
Åsvang samfunnshus er fylt med strikkaplagg, gjenbruk, trearbeid, steinarbeid, lokalmat og gamle, mystiske gjenstandar. Når Vang husflidslag inviterer til husflidsdag er det eit mangfald av ting å få kjøpt – og teknikkar å la seg inspirere av.

SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar.


Gjenbruk

Husflidsdagen, som tidlegare vart arrangert i Gamle Kvam, har dei siste åra hatt plass på Åsvang. Det er ein kombinasjon av salsbodar og inspirasjon, det utvekslast kunnskap om gamle handtverkstradisjonar, teknikkar – og verdiar. – Det er så bra at det er meir fokus på gjenbruk! seier Iren Remmen, som stiller med ting til sals frå sin bruktbutikk ‘Mormors skatter’. Sigrid Eggen har også ein eigen gjenbruksstand, der ho viser fram korleis gamle genserar har blitt til sitteunderlag og bålvottar, bukser som har blitt til skjørt og ein særs fargerik felleskjøp-dress som Marianne Riste laga om til ein kjole. – Fleir og fleir får augene opp for at gamle ting kan bli til noko nytt, det er veldig moro, fortel Sigrid.

Fokus på gjenbruk blir det også når husflidslaget går saman med kunstutvalet, biblioteket og frivilligsentralen om eit bøte-treff 29. oktober. Då skal tekstilkunstnar Eline Medbøe som har årets haustutstilling på biblioteket inspirere til kreative måtar å reparere og gjenbruke øydelagde tekstiler. 


Strikkegalskap

Ingrid Thorpe sit i styret, og stiller med strikkaplagg til sals på husflidsdagen. – Eg har ein sjukdom som heiter strikkegal! ler ho, på spørsmål om kvifor ho engasjerer seg i dette. Ho er glad i handarbeid, men synes også det er viktig at det skjer noko, og då må ein bidra. – Om vi får selt noko betyr ikkje så mykje, det viktigaste er at folk kjem og pratar saman! Om det ikkje skjer noko i bygd’n vår så blir det kjedelig. 

Dottera Merete sit ved sidan av, ho driv både med tradisjonsrike teknikkar og meir moderne artiklar som hekla dyr og hårpynt. – Når ein først har byrja så kan ein jo ikkje site utan noko i hendene, smiler ho, medan eit fargerikt fingra sokkeband til bunadsstrømpene veks fram mellom hendene. – Dette lærte eg av mor mi. Det er jo litt artig å kunne noko som ikkje alle andre kan! Og så likar eg å hekle for då kan eg forme ting som eg vil, og fordi det er kjekt å gjere litt andre ting enn mamma. Eg synes det er bra når det blir variasjon – og så går vi ikkje kvarandre i næringa.


Utstilling

På eit bord ligg ei rekke gamle tre-reiskap, og bak sit Aud Kvale og testar folk sine kunnskapar. Sjølv kjenner eg ikkje igjen ein einaste ting, men Aud forklarer; - Dette er ein kjerringkjeft eller skinnklype, her er ei gamal hovskrape, ei silkløft til å halde silen med, og denne vart brukt som fløytekniv når ein skulle skilje skummet frå fløyta. Husflid er så mangt, og eg synes det er fint at dei inviterer inn ulike aktørar slik at vi kan vise fram mangfaldet.

Også i årets utstilling på husflidsdagen er det gamle gjenstandar som utgjer ‘stativet’ som utstillinga heng på. – Desse skia er frå OL i 52! forklarar Iren, og desse er nok enno eldre. I botn ligg ei gamal kløvflaske, som vart brukt til å frakte mjølk på hesteryggen. 

Utstillinga er ein viktig del av husflidsdagen, fortel leiar i husflidslaget Kari Hagaseth. – I fjor hadde vi ei kjempestor utstilling av dåpskjolar, då var det mange som var veldig ivrige til å bidra med sine skattar. Folk kom med dåpskjolar som var over 100 år gamle, og det var veldig moro å sjå kor mange ulike teknikkar som har blitt brukt på eit slikt plagg som jo har ein ganske bestemt form. 

Neste år skal dei stille ut kristentepper med julehandklede, og då håper dei igjen at folk i bygda vil finne fram sine klenodier. Årets utstillinga viser fram ulike sokkar/føslo og vottar. Her er det eit stort mangfald av teknikkar, mønster og fargar, frå mange 10-år. – Vi oppdaga ein dag på strikkekaféen at vi til saman kunne 6-7 ulike måtar å stikke hælen på sokkane på! forklarer Sølvi Havro.


Strikkekafé på Haukåsen

Strikkekaféen det refererast til er eit viktig samlingspunkt for mange. Sølvi er primus motor, og starta opp tilbodet på Haukåsen i 2011. Sidan vart husflidslaget kobla på slik at dei no samarbeider om utstyr, økonomi og formidling. – Eg måtte ha noko å drive med, for å møte folk, og så hadde eg eit egna hus. Til å byrje med skulle det vere kvart 14. dag men folk var så ivrige at det vart fort kvar veke! Ingegjerd Havro er ein av dei faste deltakarane, og skryt av stemninga. – Det er mykje trivelege folk, og det kjem stadig nye innom. Det er så viktig å møtast å ha noko å gå til! Og så er det uforpliktande, ein treng ikkje ha med strikketøy heller, ein kan berre kome for å sita og prate. 

Strikkekaféen har ein fast tradisjon med å strikke babytepper til alle nyfødde i kommunen. To gonger i årets samlast dei nybakte foreldra og babyane på Haukåsen og får overrekt kvart sitt teppe. Strikkekaféen har også hatt samarbeid med mottaket, og henta bebuarar som ønska å delta. 

– I ei periode køyrte vi 2-3 bilar kvar veke, og det var stor stas for både oss og dei, seier Sølvi. – Dei strikka ikkje, men dei hekla og hakka, og kunne mange interessante teknikkar som ikkje vi kunne. Til dømes var det fleir av dei som surra tråden mange gonger rundt fingeren, vi hadde veldig moro av å lære av kvarandre. Eit par gonger hadde vi bingo også. Dei var veldig lystne på å lære språk og prate med oss. 

Berit Oldre er også med på strikkekaféen, ho er glad for at mottaket består og håper dei kan få til ei ny skyssordning. – Mannen min hjalp ei dame på mottaket å sette opp ein vev ho hadde kjøpt, og som takk fekk eg eit nydeleg sjal ho hadde laga. Det er så fint å møtest gjennom ein aktivitet, og at vi som bur i bygd’n kan vere med å bidra til at dei lærer norsk og blir kjent med folk her. 


Raudlista

Kari Hagaseth er leiar i husflidslaget, og fortel at laget tar dei i Norges hudflidslag sin dugnad for å samle inn, dokumentere og ha opplæring i handsverk som står i fare for å bli gløymt. Prosjektet kallast Raudlista, og kvart enkelt lokallag kan melde inn kva slags teknikkar dei ønskjer å prioritere. I Vang har dei meldt inn filering som eit av sine satsingsområder. – Vi har dokumentert teknikken gjennom å lage ein film som ligg på Youtube, og vi har hatt og skal ha fleire kurs, forklarer Kari. – Det er fleir rundt om i Norge som driv med filering, også kalla telemarksbinding, men dei tradisjonelle produkta vi lagar i Vang skil seg frå kva dei lagar andre plassar. 

Husflidslaget har nyleg overtatt ein dåpskjole med filering laga av Gyda Steile, som skal vere til utleige. – Det er veldig fint at slike klenodie kan vere i bruk, og at fleir får høve til å nytte dei, seier Kari. 

Både strikkekaféen og husflidslaget sine aktivitetar er opne for alle som vil bli med, ein treng ikkje å vere medlem. – Korleis kan vi få med fleire yngre? undrar Iren. Helen Koppfeld er ei av dei andre som sel strikkaplagg. – Vi merker jo at fleir strikkar sjølv, og det er bra, sjølv om det går ut over salet. Det er så mange fine nye bøker, modellar og garn i butikkane no, det er tydeleg at det har blitt meir mote. 

Enten du allereie er bitt av basillen, kunne tenkje deg å prøve eller berre ønskjer ein møteplass med trivelege folk over ein kaffikopp – ta turen til strikkekaféen eller meld deg på eit av dei andre arrangementa til husflidslaget!


Faktaboks:

Vang husflidslag har eksistert sidan 1988

Planar framover: 

  • Fileringskurs: oppstart 20. oktober, på Åsvang
  • Kurs i saum av jerseykjolar: 5.-6. november, på Åsvang
  • Ung husflid: kvar 14. dag frå 31.10, på Haukåsen, for ungdomskuleelevar
  • Gratis spinnekurs: kvar 14. dag frå 31.10 (4 gonger)
  • Kransebindingskveld: 6. desember, på Åsvang
  • Kurs i å lage rull (til bringedukdrakt): januar, på Åsvang 
  • Kurs i å sy vest og knebrok: hausten 2023
  • Strikkekafé: Tysdagar kl 11-15, på Haukåsen

Kontaktpersonar: 

  • Kari Hagaseth (leiar): 98857553
  • Anine Rauken Kattevold (kurs): 416 15 484
  • Sølvi Havro (strikkekaféen): 95915506

 

Sjå fleire bileter frå Husflidsdagen nedanfor.