Kjem tårnet til å stå? Etter tre minutt planlegging var det tre minutt til gjennomføring av planen utan lov til å prate saman.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ungt entreprenørskap i gang i Vang

Ungt entreprenørskap i gang i Vang

13. januar 2020

Fredag var det avspark for ungt entreprenørskap i Vang der niande klasse fekk innblikk i kva som ventar.

– De har ein kultur for entreprenørskap i Vang som de skal vera stolte av og som vi skal byggje vidare på, innleia Inger Toril Holte Breien frå stiftinga Ungt entreprenørskap i Innlandet. 



Ho var på plass hjå niande klasse på Vang barne- og ungdomsskule fredag morgon for å køyre i gang det nye opplegget i Vang.

Skal drive bedrift

I løpet av vinteren og våren skal elevane i niande klasse starte, drive og avvikle ei elev-bedrift.

– Det viktigaste med elev-bedrift er å lære seg å ta initiativ og løye problem. Nokre kjem kanskje til å tene pengar, men det er læringa i opplegget som har dei største verdiane, fortalde Holte Breien.

Ho var innom alt frå lokale entreprenørar til dei ulike aspekta ved berekraft i både lokalt og globalt perspektiv.

Det er lærarar ved skulen som rettleiar elevane i lag med Ungt entprerenørskap Innlandet denne vinteren, samstundes som både lokalt næringsliv og Innovangsjon bidreg til at opplegget får ein tydeleg Vangs-vri.

– Laget er viktig

Ein quiz om berekraft innleia til dei ulike rollene som lyt fyllast i alle bedrifter og det dukka opp kandidatar til både økonomiansvarleg og dagleg leiarar gjennom spelet.

– De lyt vera minst to, men gjerne fleire i alle bedrifter. Og her er det viktig å ikkje vera for like. Eksempelvis har du Flåklypagjengen. Dei er totalt forskjellige men utgjer til saman eit godt lag som får til mykje, sa Holte Breien.

Dette vart prøvd i praksis gjennom gruppearbeid før dei gjekk vidare til å sjå på idéutvikling og nettverk.

– Forskjellen på ein forretningsidé og ein vanleg idé er at ein forretningsidé har eit marknad. Den lyt løyse eit problem som nokon har lyst til å betale for.

Ein får praktisk bruk for dei aller fleste av skulefaga inn i opplegget som omfattar alt frå idéutvikling og bedriftsetablering til produksjon, marknadsføring, sal og til slutt avvikling av selskapet.

Ungt entreprenørskap i Innlandet er ein ideell organisasjon som jobbar for at unge menneske skal utvikle kreativitet, skaparglede og tru på seg sjøl gjennom ulike program.