DSCF8331
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang gla’dans trør takten

Vang gla’dans trør takten

17. august 2022
Pardans, ringdans og linedance - seniordans er så mangt. Og med nytt namn håpar Vang gla’dans å få med seg enno fleir danseglade kvinner og menn!

SKREVET AV: Marte Tangen, Vang Frivilligsentral. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

Opp ei trapp og inn ein gang - borterst i ein korridor i Vanghallen held gla’dansen til denne junikvelden. Dei har flytta rundt på grunn av ulike behov i Vangshallen, men det taklar dei på strak arm; golvplass og ein CD-spelar er alt som trengst. Men litt styr er det sjølvsagt. - Danseleiaren har mange oppgåver, smiler Inger Solveig Bøe medan ho ryddar klart til undervisninga. Det er ho som lager program for kvelden, veljer ut dansar og underviser. Med seg har ho Ingunn Hommedal og Ingunn Svien som medleiarar, og Ingebjørg Wigdel er leiar i laget.

Inger Solveig er brennande engasjert i dansen. Ho fortel at seniordans er eit internasjonalt konsept som vart starta i Tyskland. I Vang har dei halde på i 12 år, i haust møtest dei tysdagar kl 18.30, dansar ein time, har ei god pause, og danser ein time til. Før korona hadde dei faste treffpunkt med andre danselag, men det har det vore dårleg med dei to siste åra. Deltakinga i laget har også gått ned, og no håpar ho at fleire vil kome til.

Så høyrest glade stemmer borti gangen, og inn strøymer dansarane. Nokon har vore med sidan starten for 12 år sidan. Eg spør kva som får dei til å kome tilbake, veke etter veke? - Det er musikken og dansen det veit du. Sjølv om ein er skrøpeleg til beins så heng vi på!

Ei hand å halde i
Og at dei har ein likandes danseinstruktør er alle einige om, og det betyr mykje. Inger Solveig vart introdusert for seniordans på eit besøk hos ei skulevenninne på Sunnmøre, og tilbake i Vang leita ho etter noko liknande. Etterkvart kom ho inn i seniordansen i Vestre Slidre, og vart seinare oppmoda til å starta eit lag i Vang.

Ho har gått 4 grunnkurs og både internasjonale og nordiske kurs, og ho fortel engasjert om alle dei gode effektane av å danse saman. - I nesten kvar dans krysser vi midtlinja i kroppen med beina, det styrkar koblingane mellom dei to hjernehalvdelane og er unikt med seniordans. Vi opprettheld hjernen ved å lære nye trinn og nye trinnsamansetningar, i tillegg til å halde kroppen ved like. Til saman så er dette den beste aktiviteten for å førebygge demens! For ikkje å gløyme kroppskontakten, det å ha ei hand å halde i. Det gjer godt for både kropp og sjel.


Rumba og reinlender
Dansarane får utdelt raude og blåe band, og inntar posisjonar som kar eller kvinnfolk. Bortsett frå den eine hanen i flokken, - vi veit kva rolle du tar! humrar damene. Det er det same over heile landet; det er alltid mest damer.

Dei varmar opp med ein dans dei kan - då er det ikkje så mykje instruksjon, Inger Solveig berre minner om kva for fot dei skal starte med. Snart står dei på rekker og rader og trør mjuke trinn til ein Tennessee Walz. Etterpå bêr det i veg med ein rask boogie - dei trør og bytter og svingar seg så dei blir andpustne og lattermilde heile gjengen.

Bozzanova, rumba, reinlender, ringdans, stjerneformasjon, par og solo. Her er det ingen tvil om at både kondis, koordinasjon og hugsen får køyrt seg. Mellom konsentrerte blikk er det smilande fjes som nyt musikken. Og litt latter når koreografien går i surr. - Den der må vi ta ein gong til, det er alle einige om. Nokre oppklarande instruksjonar og så er stega på plass.

Nye dansarar er velkomne
Stega heiter saks og boks og hitch og byttomfot, Inger Solveig styrer musikken og instruerer med roleg og myndig røyst, og innimellom er det hjelpelærarane som gir instruksar. - Boks, ut, side saman ut! Dosado, gå, gå og byttomfot, arkade.

Det er mange spesielle ord og trinn, og for ein nykomar kan det kanskje vere krevjande å ta steget inn i gjengen? - Vi har gjerne nybyrjarkurs når det er nye som melder seg, forklarer Inger Solveig, - gjerne ein time før dei andre kjem. Elles tek vi dei første gangane enkle dansar og forklarer nye begrep og viser korleis vi gjer stega saman. Dei får danse med ein sikker dansar som kan leie dei gjennom dansen. Vi dansar også same dansen fleire gonger for å få flyt i den. Om dei ikkje klarer alle stega gjer det ingen ting, vi trør alle litt feil av og til! Det viktigaste er at vi kan kose oss til fin musikk og danse saman. Vi trøystar nye med at vi alle har vore i den situasjonen og har måtta lært litt om gongen.

I koronatida har det vore vanskeleg å få nye inn. Men alle dansarane er tydelege på at dei håper fleire vil bli med, og dei skal bli godt tatt i mot! At dei sjølv får mykje glede av å møtest, danse saman, prate saman og flire saman, det er det ingen tvil om. Kanskje kan oppstarten denne hausten vere eit fråspark for fleire nye?

Til slutt er det ønskekonsert, det blir ein linedans. - Ta denna som eg likar så godt, seier Liv, og då veit alle kven ho meiner.

 

Faktaboks

  • Vang gla’dans møtest tysdagar kl 18.30 i Vangshallen, speilsalen
  • Oppstart hausten 2022: 6. september.
  • Pr no er det 13 aktive dansarar
  • Ønskjer du å prøve deg? Kontakt Inger Solveig Bøe på 909 87 725 eller Ingebjørg Wigdel på 917 80 138. Møt gjerne opp på første dansekveld for å sjå på eller prøvedanse!