Sara Strøm Stasviken og Andrea Haugen er begge ansatt i Fredheim barnehage.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang kommune med fenomenalt tilbod til studentar

Vang kommune med fenomenalt tilbod til studentar

28. november 2023
Vang kommune ønskjer å gje eit særs godt utdanningstipend til studentar innan vernepleie, sjukepleie eller barnehagelærar.

- Me håpar jo at dette kan fange interessen til dei både med og utan tilhørighet til Vang, smiler Guro Råheim Kvam, kommunalsjef for helse- og omsorg i Vang kommune. 

For no har nemleg Vang kommune oppretta eit eige utdanningsstipend for studentar innan sykepleie, vernepleie og barnehagelærar. Med 120.000 til kvar student, tilbod om fast stilling etter endt studieløp og arbeid under studietida. Med andre ord; ein stor gode for studentane, og ein stor gode for Vang kommune. 

- Dette er ei ettertrakta yrkesgruppe, som me har behov for no, og som me ser at me vil ha eit endå større behov for fremover. Ein kan kalle det å sko seg for framtida, seier Solfrid Jordalen Jægersborg, personalrådgjevar i Vang kommune. 

 

Opnar opp for mange moglegheiter 

Bakgrunnen for innføring av utdanningstipend til desse tre utvalte studia er liten søkjarmasse, og eit vedvarande behov for denne kompetansen i kommunen. 

- Me har ordningar for støtte til utdanning til eigne tilsette frå før. Her ønskjer me å støtte studentar som ikkje er tilsett i kommunen, eller som ikkje kvalfisera til utdanningsstøtte som tilsett, seier Jordalen Jægersborg. 

- Stipendet gjeld også for dei som vil omskolere seg i vaksen alder. Så, om du sitt med ein utdannings-draum i magen, er dette ein fin moglegheit til å gripe fatt på denne draumen, smiler ho. 

Alle kommunane i Valdres har forskjellige slike ordningar, men dette er altså fyrste gong Vang kommune lyser ut eit slik type stipend for studentar. 

- Det er rett og slett for prøve noko nytt, og håpe at nokon synes det verkar interessant. Det er jo ein god moglegheit for sikre seg jobb både under og etter studieløpet, i tillegg blir ein jo kjent med arbeidsplassen og framtidige kolleger veldig tidlig, seier Råheim Kvam. 

Ho fortel at stipendet ikkje er avgrensa til studentar kun frå Valdres, men for heile landet. 

- Difor må me og vera litt fleksible, ettersom me potensielt kan få studentar som ikkje nødvendigvis bur i nærleiken eller har relasjoner her, legg ho til. 

No håpar Guro og Solfrid, med resten av kommuna, at studentar får lyst til å søke og grip moglegheit i Vang! 

 

Fleire godar som student 

Utdanningsstipendet er meint som økonomisk bistand studieløpet, noko som kan komme godt med i studietilværelsen. I tillegg har Vang kommune mange andre goder i stipendet: 

Fulltidsstudent: Vang kommune gir totalt kr. 120.000 delt på 3 år. Summen blir fordelt på 6 semestre; kr. 20.000 per semester.

Deltidsutdanning: Vang kommune støttar også deltidsutdanning med same totale sum, 120.000 vert då fordelt på 4 år/ 8 semestre. Det utgjer kr. 15.000 per semester. 

Tilsettingsgaranti: I tillegg til utdanningsstipend får du garanti om fast stilling etter ferdigstilt studie på avtalt tid

Bindingstid: Du er forplikta til å arbeide i Vang kommune i 2 år etter ferdigstilt studie. Dersom du etter inngått avtale avsluttar studiet, ombestemmer deg, eller sluttar i arbeid før bindingstida er over, skal utbetalt stipend betalast tilbake til Vang kommune

Arbeid under studietida: Du må pårekne noko arbeid iløpet av studietida. Me ynskjer gjerne at du arbeidar i feriar og helg (for vernepleiar og sjukepleiar), omfang av arbeid vil bli avtala nærare med leiar. Du får sjølvsagt ordinær løn for arbeidet. 

 

Søk på Vang kommune sitt utdanningsstipend her!