9BA5FB24 B188 4D39 88B6 99E0AC881B37
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vil gjere frivilligheita meir inkluderande

Vil gjere frivilligheita meir inkluderande

11. januar 2022
I eit større samarbeidsprosjekt ynskjer no Vang Frivilligsentral, folkehelsekoordinator, læringssenteret og Innovangsjon å gjere frivilligheita i Vang endå meir inkluderande.

Med utgangspunkt i å gjere fritidsaktivitetar i bygda meir tilgjengeleg, og styrke informasjonsdeling og formidllinga av aktivitetstilboda i Vang, er det danna ei solid prosjektgruppe, som arbeider med akkurat dette!

Med i denne arbeidsgruppa er Marte Tangen frå Vang Frivilligsentral, Folkehelsekoordinator Mona Wiik Jonassen, Vang læringssenter med Bertine Fretheim Neverdal og Ida Nordland Hillestad frå Innovangsjon SA.

 

Vanskeleg å få oversikt over tilboda 

Bakgrunnen i prosjektet starta våren 2021, då det vert arrangert innspelsmøter med frivillige lag og representantar frå målgruppa. Då kom det fram at informasjonen om aktivitetstilboda i Vang, opplevast som fragmentert, spreidd over mange kanalar og delvis vanskeleg å forstå for dei som ikkje kjenner bygda så godt. 

I innspelsmøte kom det og fram at så og si alle som deltok i ein aktivitet hadde kome inn i denne via ein venn/ved hjelp av ein personleg kontakt.

Transport/logistikk, utfordring med påmelding, og deltakaravgift var også blant barrierane som vart nemnt. Mange av laga jobbar allereie godt for å inkludere nye. Alle på innspelsmøta hadde ønske om å tiltrekke seg fleir medlemmar, og saman har vi mykje å lære av kvarandre.

Difor vart det starta eit samarbeid og arbeidsgruppe for å sjå på moglegheiter for å kunne løyse denne problemstillinga saman. Kan ein klare å få flere inn i dei ulike aktivitetstilboda, og kan tilboda gjerast meir tilgjengelege? 

Du kan lese referata frå dei to innspelsmøtene her, og sjå kva laga ynskjer å få ut av prosjektet. 

 

Ynskjer å samordne all informasjon

Heilt frå i haust har Marte, Mona, Bertine og Ida arbeidet jevnleg med prosjektet. For å kunne oppfylle ynskje om å nettopp gjere frvilligheita i Vang meir inkluderande, har prosjektgruppa satt ned nokre punkt dei ynskjer å arbeide med.  

Prosjektgruppa ynskjer å lage filmar og tekstmateriale frå alle lag som ønskjer å delta, samordne all informasjon på ei nettside som fungerer som ein foreningsportal og oversette alt innhald på 5 språk.

I tillegg vil arbeidsgruppa arrangere ein årleg “frivilligmarknad”, samt jobbe for å implementere fritidserklæringa i kommunen sitt planverk og rutiner. Prosjektet tar sikte på å fremme frivillige lag sine aktivitetar og gjere desse meir synlege, tilgjengelege og inkluderande for alle i Vang.

 

Positive innstilt til prosjektet 

Prosjektgruppa har sidan i haust hatt jevnlege møter, og blant anna søkt midler frå ulike hald for finansiering av prosjektet, her venter dei fortsatt på nokre svar. 

I tillegg arrangerte dei tidlegare i haust eit møte med lag og foreninger i Vang for å presentere prosjektet, og få tilbakemeldingar og innspel til vegen vidare. Dei som møtte opp på dette møtet stilte seg svært positive til prosjektet og hadde tru på at dette ville vere ei god løysning. 

Ei positivt prosjektgruppe held no fram med arbeidet og håpar at dette vil vere med på å styrke heile Vang!